Nedbrenninga av Teigenebuda
Brannen vart starta i toppetasjen.
Nedbrenninga av Teigenebuda Det største sjøpakkhuset som har vore i Ulstein, vart brent ned 20. mai 1980. Det var fiskebåtreiar Johan Ottesen som fekk buda oppsett i 1917. Sjølve hovudhuset med ei grunnflate på 450 rutemeter var på tre heile etasjar i tillegg til to etasjar under skråtaket. På baksida av buda kom det med åra også eit stort tilbygg.
Dei første åra gjekk buda som oftast under namnet Storebuda. Somtid vart det også nytta Nyebuda. Dette for å skilje ho ut frå dei andre sjøbudene som Ottesen hadde i Ottavika. Etter at Ottesen gjekk konkurs i 1925, vart buda seld til Ole J. Teigene & Sønner, Hareid. Etter kvart vart buda på folkemunne heitande Teigenebuda. Seinare vart Martin Karlsen AS eigar, som igjen selde ho til Ulstein Hatlø AS.
Eg meiner å hugse at argumentet for å fjerne buda var at kaifundamentet var i ferd med å svikte. Eigaren valde då å brenne ned buda i staden for å rive ho. Idrettslaget ved brannvakta i Ålesund tok på seg oppdraget med ei kontrollert nedbrenning. Takkontruksjonane vart svekka før ein starta brannen i toppetasjen. I løpet av fire timar var det meste av bygget vorte oske. I dag er det plassert ein bustadrigg på tomta.
Fotoet på neste side syner kor kraftig brannen kunne vere.