Vektinga av argumenta for gravplass
Eit godt alternativ er å bruke eit område austafor Sunnmøre folkehøgskule til ny gravplass. Kva skal ein seie til politikarane som synest det er skremmande å leggje ein gravplass hit? Politikarar som har plassert dei levande i byggjefeltet Varleitet, der store delar ligg høgare til fjells! I 2008 låg det ferdig ein reguleringsplan med gravplass på det no utbygde området mellom Varleitet og Hovsetmarka. Dei som har sete altfor lenge i kommunestyret, vil nok vite at dei med forkastinga av denne planen sende Ulstein kommune ut på ei ørkenvandring, ført an av KrF, når det galdt plasseringa av ny gravplass.
Vektinga av argumenta for gravplass I ei utgreiing av alternativa for gravplass har kommunen vekta dei ulike plasseringane. Eg har ikkje oversikt over kva verdi dei har sett på dei ulike elementa, men vågar likevel å stille nokre spørsmål.
-
Kommunen har for få månader sidan vedteke ein kommuneplan for landbruk. Visjonen der er at matjorda skal vernast. Same dag som kommunestyret no hadde møte, viste Sunnmørsposten til på leiarplass at styresmaktene vil ha eit sterkare vern av matjorda vår. Kva vekting vart gjort her av denne sentrale politiske prioriteringa ? Kva fekk Varleitet i pluss og kva fekk dei andre alternativa i minus?
-
Ved innføringa av kristendomen her i landet vart likbrenning (kremasjon) forbode. I dag verkar det som at kommunen sterkt ønskjer at kremasjon skal takast meir i bruk. Det har også vore framstilt som eit stort minus om gravfølgjet må ut på ein mykje trafikkert veg. Dess fleire som nyttar kremasjon dess mindre vert behovet for kolonnekøyring i samband med gravferder. Etter at seremonien er ferdig i kyrkja eller i eit anna samlingslokale, vert kista i dag plassert i ein bil som fraktar henne til krematoriet. Når det store fleirtalet tek i bruk kremasjon, vil minuset som ein har gjeve Varleitet, forsvinne.
-
Det alternativet som har absolutt beste offentlege transporttilbodet, er Varleitet. Her er det kort intervall mellom bussane som passerer. Mange av dei som steller graver på gravplassane er eldre folk – kanskje har dei ikkje lenger sertifikat. Pårørande som bur kringom i kommunen og i andre kommunar, kjem seg lett hit når dei vil vitje ei grav.
-
I Vikebladet kan me no lese at folkehøgskulen kan tilby eit seremonirom i samband med gravferder – tilpassa livssynet vedkomande hadde. Ein tendens i dag er at mange gravferder har eit heller lite frammøte. Kvifor då alltid nytte eit stort og nærast tomt kyrkjerom når ein i staden kan nytte eit mindre rom som gjev ei lunare stemning?
-
I dag nyttar mange folkehøgskulen til minnestunder etter gravferder anten det er jordfesting eller kremasjon. I samband med kremasjon vert det ofte samling seinare når urna skal setjast ned på gravplassen. Også då er det aktuelt å samlast kring eit kaffibord. Då kan det vere greitt å ha dette tilbodet nær gravplassen.
-
Kommunen har tidlegare lagt stor vekt på jorddjupne når ein gravplass skal lokaliserast. Det kan vere viktig ved kistegraver, der ei ny kiste skal setjast oppå ei gammal, om ein ikkje har masse til å fylle på. Men ein treng slettes ikkje same jorddjupna til urner. Og er det skiftande jorddjupner på arealet som skal takast i bruk til gravplass, kan ein plassere urnene på det grunnaste området og kistene på det djupaste.
Kan ein våge seg på ein konklusjon, tvert av det som kommunen hevdar, nemleg at Varleitet er den mest framtidsretta lokaliseringa av ein ny gravplass?