Den gongen jordvern var jordvern

Illustrasjon frå «Den gongen jordvern var jordvern»
  1. mai 1979. Høddvoll ligg ikkje lenger åleine oppe i utmarka. Byggefeltet Hovsetmarka er snart ferdig utbygd. Seinare skulle Varleitet lenger framme også verte byggefelt. Den gongen jordvern var jordvern Tidlegare hadde ikkje politikarane i Ulstein motførestillingar når det galdt å ta i bruk utmark til utbygging. Dei tenkte langsiktig og ville unngå å byggje ned matjorda. Byggjefelt som Bugarden, Onglasætra, Vikemarka, Anholen, Hovsetmarka, Varleitet, Solsida og Sundgotmarka er alle plasserte på tidlegare utmark. Utmark som tomteeigarane har stelt og planta og gjort det triveleg rundt seg.

No har ein ny generasjon med politikarar teke over. No er det sentralisering som gjeld. Desse nye politikarane brukar gjerne ordet jordvern når dei vedtek planar. Planar som skal vere retningsgjevande for utviklinga vidare. Same politikarane bryr seg ikkje om sine vakre formuleringar i kommuneplanen og i den nyleg vedtekne planen for landbruk når ny gravplass skal plasserast. Somme av dei same politikarane vil heller bruke dyrkamarka til husbygging. Store areal med dyrka mark på Skeide er no i ferd med å verte nedbygde. Men heldigvis kan fylket stundom gripe inn slik at Ulstein også må tilpasse seg det som rikspolitikarane ser som viktig.

Kvifor er det utenkjeleg for dagens politikarar å plassere ein gravplass på udyrka jord? Kan ikkje denne plassen gjerast like triveleg som byggjefeltet som dei har plassert i nærleiken? Bugarden 17. juni 1979. Det byrjar å bli grønt i den tidlegare utmarka.