Kvoten er oppfylt

Illustrasjon frå «Kvoten er oppfylt»

Store landbruksareal på Skeide skal no byggast ned.

Kvoten er allereie oppbrukt I samband med at kommunen vil bruke dyrka mark til gravplass, vert det opplyst at kommuneplanen for landbruk gjev løyve til å byggje ned opptil 5 dekar dyrka mark i året. Ifølgje Vikebladet seier kommunen at om ein til dømes regulerer 16 dekar til gravplass, så treng ein berre å opparbeide 3-4 dekar i første omgang. På denne måten kan ein så halde seg innafor den årlege grensa for nedbygging.

Men er ikkje kvoten allereie oppbrukt? På Skeide har ein siste året teke i bruk mykje dyrka mark til vegbygging. Det overskrid truleg kvoten for 2021. Når husbygginga startar, vil langt større areal med dyrka mark verte nedbygd. Det vil fylle kvotene for fleire år framover. Men må moglege kvoter fyllast? Det vert sett på som misbruk om ein person brukar eigenmelding og fortel at han er sjuk og er borte frå arbeid når han likevel er frisk. På same måten må ein vurdere korleis kommunen brukar si eigenmelding når det gjeld nedbygging av matjord. Har ein gjort nok for å finne alternative udyrka areal eller berre vel ein den enklaste løysinga fordi det er lettvint?