Å grave si eiga grav
Kommunen har no lagt fram alternativ for ny gravplass. Her på Oshaugflata, Osnesflotane ved Kongsberg, Holsekrane og nær gamle kyrkjegarden på Ulstein.
Me vert stadig minte på at politikarane ikkje tek alvorleg reglar som andre må følgje. Nesten dagleg kan me lese om stortingsrepresentantar som ikkje har brydd seg med å følgje lover og reglar som dei sjølve har vedteke. Jamfør her saker om pendlarbustader og reiserekningar. Desse handlingane er med å svekke tilliten til vårt politiske system mellom folk flest. Heilt i slutten av 2021 vedtok Ulstein kommunestyre ein kommunedelplan for landbruk. Her var mange vakre ord om landskapsvern og vern av dyrka jord. Visjonen i planen var at «Jordbruksareal skal ikkje omdisponerast til anna føremål enn landbruk».
Det vart vidare sagt at dersom nokon ønskjer nedbygging av dyrka jord, denne plikta gjeld også for kommunen som utbyggjar, så «bør ein aktivt sjå på alternative uproduktive areal». I Vikebladet kan me no lese at kommunen har lagt fram fire alternativ for framtidig gravplass. I presentasjonen der er det ikkje nemnt anna enn plassering på dyrka jord. Har ein aktivt sett på alternative uproduktive areal?
I landbruksplanen seier kommunen at ved «nedbygging av dyrka mark skal det gjerast avtale med utbyggar om at tilsvarande tal dekar skal dyrkast opp». I saka om gravplass er det kommunen som er utbyggar. Kvar har kommunen tenkt å dyrke dette nye arealet? Og skal kommunen fulldyrke eit tilsvarande areal ein annan stad, så kan dei like godt opparbeide ein gravplass der.
Kjenner me politikarane rett, så har dei nok ikkje tenkt å følgje opp sine eigne vedtekne planar. Dei store orda var nok til festsamanheng. Slik sett er nok ikkje berre på høgste politiske plan at politikane arbeider for å svekkje tilliten til det politiske systemet. Kommunen fekk forbod mot å utvide gravplassen på Osnes på grunn av dei mange fornminna der. Truleg er det stor sjanse for å finne mange fornminne også på alternativ der ein no vil ha gravplass. Ei avklaring her kan ta lang tid. Det kostar også å drive arkeologisk registrering og utgraving. Desse kostnadane vil kome i tillegg til nydyrkinga som kommunen etter eigen plan forpliktar seg til å utføre. Kanskje er det betre å bruke pengane på ei opparbeiding av gravplass ein annan stad?