Då sjørøvarane herja
I eit privatbrev sendt frå Ulstein til Langevåg i november 1914 kan me lese følgjande: «Her er en Degsbaat som skal vere 13 Mand i og dei fer ind i land og røva kvar Nat og naar dei vil ta dem så skjyte dei fra sig, saa vi legger os ikke en neste Nat med Tryghet bare dei ha blit fakka det er en farlig tid at Leve i».
Avisene og folket på Sunnmøre var levande opptekne av desse sjørøvarane som hadde herja særleg i Sande og Herøy. Dei hadde brote seg inn hos forretningsdrivande, prøvt å sprenge pengeskap ved hjelp av dynamitt, stole våpen, robåtar, klede og poteter.
Folk var oppskremde. Alle frykta besøk av desse ubedne gjestane. Det vart snart slege fast at dei nytta ei snøggåande listereller svenskeskøyte. Dei skaut også etter folk som nærma seg båten. Folk meinte også å kjenne att sjørøvarane. Det skulle vere folk som var heimehøyrande mellom Florø og Bergen.
«Sjørøvarjakta», som båten vart heitande på folkemunne, vart observert både her og der. Ein båt som la til ved Brunholmen i Ålesund, vart mistenkt. Mannskapet på denne hadde på spørsmål frå ein nabobåt sagt at dei hadde mjøl i lasta. Men hadde mannskapet reint mjøl i posen? Dei hadde fare vidare tidleg om morgonen trass i at det var ruskevêr. Folk såg på tilreisande med mistenkjelege auge og kalla på lensmannene.
Ja, lensmannen i Borgund kom sjølv i søkjelyset. Han hadde vore på auksjon og skulle skyssast heim i båt. Utanfor Borgundkaia slo motoren seg vrang. Båen måtte kaste anker, og lensmannen vart sett i land med småbåt. Då han kom heim, fekk han vite at folk hadde ringt og ringt siste halvtimen. No måtte han skunde seg å ta sjørøvarjakta som låg like utanfor Borgundkaia!
Etter eit klokketjuveri i Skansen i Ålesund, vart mistanken retta mot to unge, foreldrelause gutar som budde på naboromet. Og litt etter litt kom tjuvgodset frå andre stader på Sunnmøre fram. Det vart sagt at gutane hadde forlese seg på kriminalbøker av Nick Carter og tilsvarande forfattarar då ein fann mange slike bøker på romet deira.
Den motordrivne, snøggåande sjørøvarbåten, som folk kunne skildre i detalj, vart med dette redusert til ein stolen robåt. Dei 13 væpna sjørøvarane vart med eitt til to unggutar. Men om folkefantasien fekk fritt spelerom på eit oppskaka Sunnmøre, så var nok tjuvtoket til unggutane heller uvanleg – til den tid å vere.