Borgarøya i 1982 og 1993
Glimt frå Borgarøya i 1982 og 1993 Hovudbygningen på Borgarøya i 1982.
I 1952 fekk Anton Otneim frå Stadlandet skøyte på gardsbruket med den gamle handelsstaden. Han døydde i 1968. Kona Anna budde der så åleine i mange år. Seinare flytte ho til dottera si og døydde i 1980.
Arvingane lyste eigedomen ut på sal i 1982. Etter bodrunda stod svogeren min, arkitekt Tormod Hansen, att som høgste bydar. Han ville restaurere og ta vare på den gamle handelsstaden. Mange kulturinteresserte meinte kommunen måtte sikre seg handelsstaden. Men det var vanskeleg å overtyde politikarane i Ulstein kommunestyre om det. Då saka sommaren 1983 skulle opp i kommunestyret, var innstillinga frå formannskapet at kommunen skulle seie frå seg forkjøpsretten og la Tormod Hansen overta eigedomen. Formannskapet meinte at kommunen hadde ikkje råd til å kjøpe eigedomen. Då dette vart kjent, stilte andre opp med pengar, mellom dei Ulstein Hatlø AS. Dermed snudde kommunestyret om på formannskapsvedtaket og gjekk i staden inn for å gjere seg nytte av forkjøpsretten. Men då hadde Ulstein-politikarane somla så lenge at fristen for å gjere gjeldande kommunal forkjøpsrett hadde gått ut. Dermed var det staten som seinare gjorde seg nytte av forkjøpsretten, og dermed slapp eg dugnadsinnsats på Borgarøya i familieregi i etterfølgjande år.
Kommunen overtok seinare sjølve handelsstaden. I dei etterfølgjande åra har andre bygningar vorte flytte dit. Lånastova, som tidlegare hadde stått på Borgarøya, vart flytt attende i 1991. I samband med at Ottavika vart regulert til industri, gav eg bort sjøbuda mi til kommunen. Det vart bygd nye kar på Borgarøya for å flytte buda dit. Flyttinga vart utført 21. juni 1993. Sjøbuda, bygd kring 1890 i Ottavika, vert heist på plass på Borgarøya. Til høgre for hovudbygningen ser me Lånastova, som vart flytt til Borgarøya i 1991.