Gravplass-jubileum
Ved dei arkeologiske registreringane på Osnesflotane var det tett i tett med arkeologiske funn. Skiftande regjeringar har difor gått i mot utbygging her.
Gravplass-jubileum I februar 2005 gav Miljøverndepartement ved statsråd Knut Arild Hareide (KrF) klar beskjed til Ulstein kommune om å finne ein annan stad enn Osnesflotane for framtidig gravplass. I staden for å rette seg etter vedtak i overordna organ har Ulstein kommune sabotert dette pålegget. I samband med siste kommuneplan prøvde kommunen seg på omkamp. No var det Kommunalog moderniseringsdepartement ved Nikolai Astrup (H) som i februar 2020 måtte setje kommunen på plass.
Dei lokale høgrepolitikarane likte nok ikkje at ein av deira eigne rikspolitikarar hadde vidare perspektiv på saka enn det som rådde i den lokale andedammen. Og ikkje nok med det. Sunnmørsposten, som regional avis, laga eiga sak og spanderte trykksverte på synspunkta til høgrestatsråden. Dermed vart saka også kjend i lokalsamfunnet. Det strødde nok salt i såret til lokalpolitikarane.
Etter vedtaket i 2005 såg det ut til at ein god prosess var i gang. Ein peikte på fleire alternativ til ny gravplass. Det enda med at ein i 2008 hadde klar ein reguleringsplan om ny gravplass i utmarka til Hovset. I staden for å vedta den ferdig utarbeidde planen, vedtok ein å starte på ei ørkenvandring. Ein ville tilbake til Osnes. Dette vedtaket har ført til at kommunen har brukt massevis av tid, krefter og dermed pengar utan å kome av flekken.
Kommunen har gjennom åra ikkje gjort det lettare for seg sjølv. Areal som tidlegare kunne vere aktuelle som gravplass, er no nytta til andre føremål. Kommunen har nyleg samrøystes vedteke ein kommuneplan som skal vere retningsgjevande for det vidare arbeidet i kommunen. Her vert det mellom anna sagt at Oshaugflata, verdfull matjord, i framtida skal vere jordbruksareal. No er det politikarar som vil bruke matjorda til gravplass. Og ikkje nok med det. Andre, som nyleg også har sagt at her skal det produserast mat, vil heller ha husbygging der. Dei same politikarane, som nyleg vedtok kommuneplanen for landbruk, ser det som sjølvsagt at fylket skal tillate gravplass eller husbygging der. Kanskje endar det med at fylkesmannen, etter nok ein langvarig prosess, må peike på dei langsiktige perspektiva som kommunen sjølv har vedteke i sin eigen kommuneplan? Og kanskje vil han minne politikarane i Ulstein på at jordvernet har vorte styrka i den perioden som kommunen har somla.
Der er også politikarar som synest å ha meir omsut for dei døde enn for dei levande. Å plassere ny gravplass på høgde med Sunnmøre Folkehøgskule vert sett på som umenneskeleg. Dei gløymer at store delar av bustadfeltet Varleitet ligg høgare til fjells. Det gjeld også delar av Hovsetmarka og Vikemarka. Kvar var den kommunale omsorga for dei som måtte byggje der?
Eg synest at ei plassering ved folkehøgskulen er god. Det går ikkje med dyrka mark. Der er lett tilkomst via offentleg kommunikasjon når ein vil på gravplassen for å stelle graver. Folkehøgskulen vert også ofte nytta til minnestunder i samband med gravferder. Endå meir ideelt ville det ha vore om folkehøgskulen kunne tilby seremoni-lokale til ulike trussamfunn.
Kommunen kan no i februar feire jubileum i somling. Det har gått to år sidan siste vedtaket i departementet. Sidan første vedtaket, i 2005, har det gått 17 år. Likevel har ikkje kommunen hatt evne til å avgjere kvar den framtidige gravplassen skal liggje.
Ved etablering av ny gravplass må ein til med reguleringsprosess og opparbeiding. Men ingenting ser ut til å verte endeleg avklara. Sjølv om politikarane i Ulstein kommune har slutta å fungere, så vil ikkje folk slutte å døy. Det minkar på ledige gravplassar i Ulstein. Kanskje er det på tide at politikarane vaknar?
Matjord og fornfunn blir endevende ved ei tidlegare utviding av gravplassen. I bakgrunnen ser me bautasteinen som då stod på utsida av gravplassen.