Eldste huset i Ulstein?
Eldste huset i kommunen?
Buda i Ottagarden, eller stabburet som somme vil seie, er no tidfest til å vere bygd mellom 1560 og 1580.
I si skildring av Sunnmøre fortel Hans Strøm om husa me finn på ein gard. Han nemner også stabbur eller provianthus. Her vert det lagra korn, mjøl, brød og alle slags feitevarer. Strøm fortel vidare at desse husa står på stolpar for at dei skal halde seg turre. Elles er det viktig å hindre at mus og rotter kan ta seg inn i huset og forsyne seg av goda der. Av denne grunnen har det oftast vore plassert ei vid heller på toppen av stolpane, som huset kviler på. Det skal gjere det umogleg for utyet å passere. Av same grunn er det avstand mellom budatroppa og «provianthuset».
På Sunnmøre har det tidlegare vore vanleg å bruke nemninga stabbud, og ikkje stabbur, om dette provianthuset. For meg har det alltid vore ei bud og ikkje eit bur. Men bruken av stabbur har no teke over. Kanskje på grunn av dei ikoniske og svære stabbura som me har fått presentert frå Austlandet og særleg då Telemark.
Etter initiativ frå fylkeskommunen vart det hausten 2021 teke årringsprøver av tømmeret som er brukt i innbuda i Ottagarden. Prøvene vart sende til NTNU i Trondheim. Resultatet kom rett før jul. Konklusjonen er at denne delen av stabburet er bygd mellom 1560 og 1580. Furestokkane som er brukte der, har uvanleg store dimensjonar. Dei er opptil 50 cm breie. Det kan nemnast at ein stokk der den yttarste årringen er frå 1489, har heile 210 årringar. Treet byrja såleis å vekse kring 1279.
Fylkeskommunen ønskjer å frede buda. På spørsmål derifrå har eg svart at eg ikkje vil motsetje meg freding.
Det ytre skalet på buda er 5,2 x 8,4 meter. Det kan elles nemnast at eit innvendig golv også gjev loftsareal på om lag halve totalarealet. Huset står på 12 budasolar. Det er opplødde steinar med ei stor helle på toppen for å hindre mus og rotter. På denne vide hella ligg det så ei lita helle som syllstokkane kviler på, slik at dei ikkje blir våte og rotnar. Innvendig finn me den gamle tømmerkassa bygd opp av stokkar med ei lengd på kring 3,9 meter. Innvendig mål på kassa er 3,2 x 3,2 meter.
Eg trur at huset må vere mellom dei mest fotograferte i Ulstein. Her stoppar ofte dei utanlandske leigearbeidarane, som bur i brakkebyen i Ottavika, på sin veg til og frå Vik og fotograferer.
Det er ingen tradisjon som kan fortelje om buda heile si tid har stått på Osnes eller om ho ein eller annan gong har vore flytt til Osnes frå ein annan stad. Det som vert fortalt, er at ho stod i fellestunet og vart flytt hit på bruket samstundes med våningshuset. Dette er sagt å ha vore i 1864.