Vraket på Osnessanden II

Illustrasjon frå «Vraket på Osnessanden II»

sørover med to skuter. Det var dårleg vêr, mykje vestavind og sørvest. Dei hadde dårlege segl og ottast Staden. Difor la han att den skrøpelegaste skuta i Bakkevågen synst på Hatløya. Han tok segla frå denne for å sikre seg å komme seg heim att.

Leid fram på vinteren rak skuta av ein kveld det var vestavind. Der var ikkje folk om bord og dei hadde ingen ting å hjelpe seg med for å stoppe henne, så ho laut få reke. Ho trefte først nørdste kanten på Store Kloholmen, skrensa vidare gjennom Peholmsundet, før ho enda på Osnessanden, fortel Ole.

Bestefar til Ole Håkonsholm, Ole Svendsen, vart fødd på Borgarøya i 1830. Han fekk skøyte på Håkonsholmen i 1862. Skuta skulle ha roke av medan Ole Svendsen budde på Borgarøya. Ole Håkonsholm meiner at hendinga kan tidfestast til kring 1850.

Andreas P. Osnes fortel i 1919 til Johan Haddal at skuta var ein nederlandsk havarist. Havaristen kom først inn til Håkonsholmen og vart deretter lagd på Maravågen på Hatløya, der skuta vart avrigga. Seinare dreiv ho av og hamna på Osnessanden. Fagfolk som har granska vraket i nyare tid, har også sagt at skuta kan vere bygd i Nederland.

Hending tilbake til svartedauden?

Trass i opplysningane frå Ole Håkonsholm og tradisjonen frå Osnes er det framleis dei som trur at vraket på Osnessanden må vere eldre enn skuta som stranda kring midten av 1800-talet. Dei vil ikkje sleppe taket i forteljinga om Hild frå Hetland.

Heldigvis gir Martin Bjørndal oss avslutningsvis nokre fleire opplysningar som hjelper oss å tidfeste hendinga i segna. Han skriv: «Me kjenner namnet på to av sønene til Knut og Hild. Det var Knut og Steffen. Knut tok seinare garden på Hovset, og Steffen vart gift til Vartdal.

Pe(de)r Fylling nemner i sine skrifter at Knut Hovset døydde i «den store pestilense». Hild levde til ho vart gammal kone. Då ho låg på det siste, sende ho bod til presten i Herøy at han skulle komme og gjeve henne sakramentet. Han kom, men på det vilkåret at ho skulle gje «ett spand jord til Herøy prestebord.»

Kva står det så om Knut Hovset hos Fylling? I «Historisk antikvariske bemerkninger om Vatne sogn» frå 1868 viser Fylling til eit kongebrev datert 12. november 1595. I Fyllings «Blandede avhandlinger» frå 1881 blir det synt til nok eit kongebrev. Opplysningane i kongebreva stemmer ikkje overeins med det som kjem fram i retten då Steffen (Stephan) tapte saka i 1596 om å få attende jordegods. Svanhild frå Hetland var ikkje stemor til Steffen, men hadde vore stemor i eit langt tidlegare ættledd. Det var kring 200 år tidlegare, på 1300-talet, at ho hadde døydd i den «store pestilense», venteleg svartedauden.

Johan Haddal seier at segna om ei ung jente (adelsdame) som kom rekande i eit uværsslite skip, bunden til mastra, finn ein fleire stader på Sunnmøre. I nokre versjonar kjem også jenta frå Skottland og Holland (som kan vere ei omlaging frå Hetland). I fall den lokale soga om Hild skulle stemme, skulle vraket på Osnessanden ha lege der sidan 1300-talet. Det er vel heller tvilsamt. For hundre år sidan var der så mykje att av skuta at folk brukt å stupe frå baugen, som står lengst ut i sjøen. I dag ser me berre restar av botnen.

Kyrkjeklokke frå vrak på Osnes

I denne samanheng kan me nemne historia om klokka i den gamle Voldskyrkja, som vart vigsla i 1858. Ragnar Ørstavik viser til ei gammal segn om tårnklokka i denne kyrkja. Kvar stamma så denne klokka opphavleg frå? Jau, frå ein båt som stranda på Osnes. Frå denne båten vart det berga ei stor skipsklokke. Klokka vart så hengd opp i det gamle korshuset på Ulvestad i Dalsfjorden. Dette gudshuset vart rive i 1551. Klokka vart då flytt over til Voldskyrkja, som vart utvida med material frå korshuset dette året. Då denne kyrkja vart riven i 1858, vart klokka flytt over til den nye kyrkja, som vart vigsla seinare same året. Her var ho i bruk til kyrkja brann 7. april 1929. I brannen smelta klokka. Klumpane som var att, vart med tillegg av litt meir metall brukte til støyping av ei ny klokke.

Denne klokka var først i bruk i interimskyrkja, bedehuset, inntil ny kyrkje stod ferdig i 1932. Seinare vart klokka flytt til gravplassen på Leirshaugen, der ho framleis er i bruk.

Knut Brune fortel om klokka frå Osnes allereie i Landboebladet i 1842. I fall denne historia er korrekt, kan klokka ikkje stamme frå båten som forliste kring 1850. Kan det ha vore fleire båtar som har stranda på Osnes? Ragnar Ørstavik seier at klokka vil vere kring 700 år gammal. Og då er me tilbake til eit forlis kring den «store pestillense». Den same tida som Hild frå Hetland skulle ha komme til landet.

Arild Marøy Hansen frå Sjøfartsmuseet i Bergen måler her opp vraket som ligg på Osnessanden. I samband med målingane som vart gjorde i 1998, meinte han at kjølen var 28,7 meter. I tillegg til overheng framme og akter, kan båten ha hatt ei totallengd på kring 100 fot. Båten var bygd i eik.

Ottar Kristoffersson Velsvik (1843–1924) kjøpte material frå skuta på Osnessanden og laga møblar for sal.

Dette framskapet i Ottagarden i Velsvika er eitt av mange møbel som er laga av eikematerial, som er henta frå skuta etter at ho hamna på Osnessanden. Ein må nok rekne med at mykje av treverket på skuta gjennom åra har vorte fjerna for å nyttast til andre føremål.

Ei segn seier at ei klokka frå eit vrak på Osnes skal i mange hundreår ha gjort teneste som kyrkjeklokke i Volda. Slik som i denne trekyrkja, som vart bygd i 1858 og brann ned i 1929.

Johan Ottesen