Vraket på Osnessanden I

Illustrasjon frå «Vraket på Osnessanden I»

Spør du folk i Ulstein kvar vraket som ligg på Osnessanden kjem frå, så får du ofte høyre den dramatiske segna om Hild frå Hetland. Om båten som dreiv frå Shetland, forbi fall og fluder og enda på Osnessanden. Om Knut Hovset, som under stor dramatikk berga jenta, som hadde surra seg fast til mastra.

For hundre år sidan stod det att langt meir av vraket på Osnessanden. Båra har med åra brote laust det eine stykket etter det andre, slik at det no berre er delar av botnen som står att.

Andre historier om vraket tidfester det til langt nyare tid, til kring 1850. Ei forteljing seier at det var ei bergensk skute, som låg i opplag på Hatløya, som sleit seg i ein vinterstorm. Ein annan versjon fortel at vraket er frå ei nederlandsk skute.

Ifølgje ei segn skal det på Osnes også ha vore eit tidlegare forlis. Skipsklokka frå denne båten hamna først i korshuset på Ulvestad før ho i 1551 vart flytt over til den gamle Voldskyrkja.

Martin Bjørndal har med segna om Hild frå Hetland i «Segn og tru», ei bok om folkeminne frå Sunnmøre. Her får me vite at den 20 år gamle Hild, frå øya Rona på Shetland, hadde fått vere med far sin på fiskefeltet. Ein dag medan faren og mannskapet hadde gått i doryane for å drage liner, hadde skodda komme på. Dei fann ikkje attende til skuta. Neste dag rauk det opp til storm, og «Rona» som skuta heitte, dreiv og dreiv med Hild åleine om bord. Til slutt trudde Hild at skuta skulle gå under. Ho batt seg sjølv til mastra for å følgje skipet til botnar.

Som ved eit under gjekk skipet klar falla og alle dei andre blindskjera og holmane utanfor Ulstein og kom drivande rett mot sanden på Osnes.

Knut Hovset hadde vore utskriven til flåten i København i 12 år. Han hadde nett komme heim og var boden i bryllaupet til Else Osnes som han hadde vore trulova med før han reiste ut. Else hadde etter lang tids beiling sagt ja til Gunnar fordi ho trudde Knut hadde falle i eit sjøslag.

Knut var sturen i bryllaupet. Han og eit par vener, som hadde gått opp på ein haug, oppdaga ein seglsliten skonnert drivande mot land. Til slutt vart båten slengd sidelengs fram på Osnessanden.

Knut ville om bord for å sjå om der var folk. Men han fekk ingen med seg i stormen som rasa. Knut sette likevel ein færing på sjøen og kom seg om bord.

Etter å ha referert meir sporadisk frå segna ovanfor tek me med sjølve berginga ord for ord:

«Men du store min! Ei ung jente bunden til stormasta. Ho er visst død, bleik som eit lik, men så fager likevel. Knut triv slirekniven, kappar reipa og tek jenta i armane. Ho er varm endå, det er trekningar om augo og munnen. Han jumpar i båten, legg henne varsamt på tiljene og ror som rasande mot land. Men ein brotsjø kjem som set båten hovudstups i kavet og alt kjem bort i bølgjene. Det kom eit skrik frå folket på land; men rett som det er dukkar Knut opp att, med noko liksom ein bylt under venstre armen. Han sym tungt innover, no og då er han heilt borte i bølgjedalane, men snart får han fast grunn under føtene og kjem berande med den dyre byrda sin fram til naustveggen og legg jenta varsamt frå seg på bakken».

Av bygdefolket i Ulstein vart jenta, som fortalde at ho heitte Svanhild, kalla Hild frå Hetland. Segna fortel vidare at året etter vart ho gift med bergingsmannen Knut, og dei busette seg på Hovset.

Historia om «Columbine»

Somme har meint at historia om Hild er basert på historia om Elisabeth (Betty) Mouat som dreiv av åleine om bord i båten «Columbine» i januar 1886. Ho skulle følgje båten «Columbine» til dokter i Lerwick på Shetland. Men då resten av mannskapet gjekk i ein småbåt for å berge ein av mannskapet som fall over bord, greidde dei ikkje å ta seg om bord att.

Betty Mouat overlevde ni dagar i stormfullt vêr medan båten dreiv over Nordsjøen og til han stranda 7. februar 1886. Dei fleste av desse dagane var ho utan mat, vatn og varme av noko slag. Og ikkje nok med det. «Columbine» hadde drive på kryss og tvers forbi falla og grunnstøytte på den einaste vesle sandstranda på vestsida av Løvsøya. Hadde båten grunnstøytt andre stader på stranda der, ville han ha vorte knust og sokke. Ikkje rart at historia om Betty gjekk over heile verda.

Båt i opplag?

Kvar kjem så vraket på Osnessanden frå. Ole Håkonsholm gir oss eitt svar:

– Det var ein bergensar som hadde vore nordanfor ein sommar. Eg veit ikkje kva ærend han hadde der. Om hausten kom han