Gardsnamn i Ulstein
Kva tyder namna Flø, Roppene, Ulstein, Skeide, Osnes – og alle dei andre gardsnamna i Ulstein?
Somme av desse namna er vanskelege å forstå. Forslaga har vore mange. Kjem Ulstein av guden Ull eller av dyrenamnet ulv? Er Skeide ein gammal kampplass eller tyder det beint fram veg? Osnes har vore tolka til å ha samanheng med ås i tydinga gud, men er det meir rimeleg å knyte det til os, sund?
I denne boka presenterer Johan Ottesen tolkingar som har vore gjorde av andre – før han kjem med sine eigne synspunkt.