Utgraving og sandbalanse
På nytt er det etterlyst tiltak for å hindre at sjøen grev ut gravplassen på Osnes. Det høyrest ut som eit vel 22 år gammalt ekko.
I 1999 etterlyste kyrkjeverje Arne Walderhaug kommunale tiltak som skulle hindre at delar av gravplassen på Osnes kunne verte graven ut av sjøen. Han synte til at soknerådet eit år tidlegare hadde bede om at steinplastring måtte gjennomførast snarast råd for å stoppe erosjonen som trugar gravplassen.
Dåverande rådmann Hans Jakob Sandanger svara i Vikebladet at kommunen hadde vorte beden om at plastring av skråninga vart gjort «med det første». Rådmannen la då til at «i offentleg språkbruk kan det bety mange år.»
Det kan her elles nemnast at miljøvernkonsulenten i kommunen året før hadde kritisert at det vart dumpa gras frå gravplassen i skråninga ned mot sanden. Dette avfallet kunne drepe den naturlege vegetasjonen som batt sanden og såleis hindra utgraving.
På papiret har kommunen vore oppteken av Osnessanden. Allereie i 1975 vedtok Ulstein bygningsråd at verftet måtte «få utarbeidd ein verneplan som på ein effektiv måte kan ta vare på dei naturressursane som Osnessanden og Vollesanden representerer.»
I samband med arbeidet med ein ny reguleringsplan som femnde om ytste Osneset og Boholmen, sa fylkesmannen at han frykta problem med sandbalansen langs strendene på Osnes om ein fekk nye fyllingar i sjøen. Ein synte her til at tekniske inngrep nær større sandstrender har ført til «uheldige erosjonsog sandoppleggingsproblem fleire stader både i vårt fylke og i andre fylke.» Me kan nemne eitt at dei næraste problema. Den nye moljen på Fløhamna førte til utgraving i fjøra på Indreflø.
Sjølv om ei konsekvensutgreiing, som vart gjort i samband med reguleringsplanen, hadde manglar både når det galdt dokumentasjon og vurdering, meinte kommunen at ho var god nok til å leggjast ut på høyring. Det var likevel viktig at sandbalansen på Osnessanden og Vollesanden vart oppretthalden.
I samband med utfyllingane som vart gjorde ved oppsetjing av dokkhall med meir, fekk eit konsulentfirma i oppdrag å undersøkje om dette kunne føre til endring av sandforholda på Osnessanden. Kontrollperioden varte frå august 2000 til oktober 2001. Rapporten frå firmaet konkluderte med at variasjonane i sandbalansen synte seg å vere små og ikkje negative. Einaste tendens var litt oppbygging av sand ved Solaberget. Det skulle elles kome fram at firmaet ikkje hadde gjennomført ei vurdering av om vêrforholda i perioden var normale. Sjølv om dette ikkje var gjort, ville ikkje kommunen krevje å ta opp att målingane. Dermed vart vidare sandkontroll stoppa.
I samband med seinare utbygging byrja verftet i 2005 med utfylling av sundet mellom Osneset og Boholmen, Sandbadet. Truleg vil denne nye utfyllinga påverke straumforholda og sandtransporten meir enn den tidlegare. Men om det er engasjert konsulentfirma for å gjennomføre nye granskingar i den samanheng kjenner eg ikkje til.
Gjennom åra har vêr og vind ført til skiftingar i sandmengdene og plasseringa av sanden på Osnessanden. Det treng ikkje vere store inngrep for at sanden «oppfører» seg på ein ny måte. Mitt inntrykk er at steinfyllinga som vart lagt over eit kommunalt avløpsrør, som går over sanden og ut i sjøen, førte til opphoping av sand sørvest av denne steinrausen. Etter at steinfyllinga er fjerna og berre røret er att, er mitt inntrykk at sanden som folk går og sit på har minska med åra.
I 2005 fortalde kommunen til lokalavisa at «dei på litt lenger sikt har planar om også å fjerne røret og steinfyllinga på Osnessanden.» 10 år seinare vart så denne fyllinga fjerna. I 2007 hadde Vikebladet eit oppslag der ein fortalde at store deler av Osnessanden var «ein sand utan sand».For nokre få år sidan vart det på nytt skrike alarm om sandtilstanden nørdst på Osnessanden. No i haust er tilstanden i dette området heller verre, men det har vore stor sandopphoping lenger sør på sanden. Er dette berre ein tilfeldig tilstand eller eit varsel om ein liten, men gradvis endring gjennom mange år, av sandbalansen i området?
J.O