Inkonsekvens

Illustrasjon frå «Inkonsekvens»

Garnes, Jærsbakkane og Veøya Denne fallossteinen vart funnen av to gutungar på sørspissen av Ve(d)øya kring midten av 1960-talet. Steinen er heilt kvit på farge, men no er leten mørk på grunn av groe på utsida.

I Ulstein-dialekten har somme bokstavar vorte stumme i uttalen av enkelte ord. Ordet gard vert uttalt gar, men me har brukt å skrive gard med d både i vanlege namn og i stadnamna, slik som i namnet til byggefeltet Bugarden.

Men det er ikkje berre d som kan vere stum i dialekten. Somme tider kan også g vere stum. Me skriv difor Gjerdsbakkane i staden for Jærsbakkane, som er uttalen i dialekten. Her er både g og d stumme. Kartverket har no bestemt at Gardnes skal skrivast Garnes. Garshol vart under tvil også vedteke fordi ein vil ha samsvar i skrivemåten av ordet gard.

Når det er heilt klart kva dei ulike ledda i eit stadnamn tyder, synest eg det kan kome fram i skriveforma. Eg finn det difor greitt at det vert skrive Gardnes, Gardshol og Bugarden. Derimot kan det vere gode argument for å fylgje ei uttalenær skriveform dersom opphavet til namnet er uklart. Kartverket kom også med ei avgjerd om skrivemåten av Veøya/Vedøya. Namnet vart skrive Vedøen i utskiftinga og Vedøya på seinare kart. Då eg intervjua ein kring 80 år gammal gardbrukar på Gardnes i 1980-åra, sa han Veøya. Då eg nyleg spelte av lydbandet, registrerte eg at han brukte han namnet Veøya medan eg, som ikkje lokalkjend, sa Vedøya. Eg har mange gonger fått spørsmål om namnet heller burde skrivast Veøya, men har svart at eg meiner det er rettast med Vedøya. Er det klart at namnet skriv seg frå ved, brennetilfang, synest eg det er greitt at det vert skrive med d – Vedøya. Men det verkar inkonsekvent når kartverket ikkje vil ha med d i Gardnes, men vil ha med den stumme d-en i den nærliggjande Ve(d)øya.

Men kan det reisast innvendingar mot tolkinga som seier at fyrsteleddet i Ve(d)øya tyder ved, brennetilfang? Kan det vere mogleg at øya kan ha fått namnet sitt frå tidlegare kulthandlingar? Jamfør her Veøya i Romsdal. Kan det vere ein spesiell grunn til at ein brukar nemninga øy om denne holmen ved Gardneset?

Det er ikkje særleg vanleg med gravrøysar på holmar. At me finn ei gravrøys på Ve(d)øya treng ikkje å innebere at øya har hatt ein kultisk funksjon. Kanskje var der berre lett tilgang til stein når ein ville byggje eit gravminne? Men det har også vore funne ein fallosstein på denne øya, som ikkje har kjend busetnad. Desse steinane har oftast form som ein erigert penis. Dei vert også stundom kalla heilage kvite steinar ut frå fargen på dei sidan dei ofte vert laga av lyse steinsortar. I Noreg har ein ofte knytt desse steinane til fruktbarheitskultar i eldre jarnalder.

På bakgrunn av dette sistnemnde funnet kan det kanskje stillast spørsmål om tolkinga til ved, brennevyrke, er heilt bombesikker.

20.01.2025