Då Hareidlandet og Gurskøya hang saman

Dragsundet etter utdjupinga som vart ferdig i 1914.

I 1919 skreiv Ole O. Reite i «Møre» om ei ferd han hadde til Fosnavåg i 1860. På heimturen «kom me inn åt Dragesundstraumen. Der låg 7–8 båtar av ymse slag frå trirøringar og til ottringar. Desse var lasta med sild og anna fiskeslag. Men gjennom straumen kom dei ikkje før der vart halvflødd sjø. No var der aldeles turt. Me for vår part kunde med færingen fare fort, for me tømde båten på gamall vis og drog han over på det turre. Men dei andre laut bide. Seinare eg ferdast der var det fleire gonger me heftest i fleire timar og leid vondt. Alle let ille for denne plaga.»

Dragsundet, namnet på sundet mellom Gurskøya og Hareidlandet, har nettopp sitt opphav i at ein måtte drage båtane forbi her ved fjøre sjø. Nokre år seinare, i 1870-åra, vart Dragsundet utdjupa for fyrste gong. Men denne utdjupinga var i minste laget når båtane etter kvart vart større. I 1910 byrja ein på ei ny utdjuping. No skulle der vere 4 meters djupn ved springfjøre. Ut frå forteljinga til Reite kan me konkludere med at ein også i dag kunne ha gått turrskodd mellom desse to øyane ved fjøre sjø om det ikkje hadde vore ei utdjuping. Ut frå strandlinjekurver som viser historiske endringar i havnivået, kan me gå ut frå at havnivået i ein periode i eldre steinalder kanskje var heile 7 meter lægre enn i dag, jamfør her kurva for Dimnasund. Då kunne ein gå turrskodd over her også ved flo sjø. Seinare førte is-smelting på land til at havnivået steig kraftig før landheving reduserte dette.

John Inge Svendsen og Jan Mangerud har konstruert eit strandlinjeprogram som viser historiske endringar i havnivået. Ut frå dette har David Simpson laga eit rekneark som vert nytta av arkeologar. Her ser me kurva for Dimnasund, som vil gje eit tilnærma bilete av Dragsundområdet.