Georadar med kjempetreff
På området her i framgrunnen har arkeologar vore i arbeid. I pressemeldinga vert det også fokusert på at utgravinga var i nærleiken av nasjonalmonumentet som me ser nede på neset. Arkeologar har nyleg brukt georadar for å kartlegge moglege fornfunn på Ovra i Hareid kommune. Funna har resultert i at Møre og Romsdal fylkeskommune no har sendt ut ei pressemelding med den spennande tittelen: «Georadar med kjempetreff – kan ha funne langhus og vikinggrav».
Når ein brukar nemninga vikinggrav, så reknar eg med at georadaren fortel at det i grava må liggje gjenstandar som viser at den døde har fått med seg gjenstandar som våpen og liknande. Det må vere noko meir enn ei vanleg grav frå vikingtida (år 800–1050) der det berre ligg ein gammal kall eller ei gammal kjerring. Det hadde vore interessant å sjå fotoet som georadaren har gjeve oss av denne grava som ikkje har vore kjend frå før. Men eit slikt foto manglar i pressemeldinga.
Det er ikkje overraskande at ein finn spor etter tidlegare langhus på Ovra. På dei sjølvdrenerande flatene her har det budd folk i fleire tusen år. Det er pirrande når langhuset vert nemnt i overskrifta. Det er lett å førestille seg eit kjempestort hus når ein nemner det i samanheng med kjempetreff. Med georadaren har arkeologane fått fastslege storleiken på huset. Men dessverre gjev dei oss ikkje opplysningar om måla. Dermed må ein berre assosiere vidare på bakgrunn av «kjempetreff» utan nærare opplysningar om huset er stort eller lite. Det heile vert enno meir spennande når pressemeldinga fortel at området «der langhuset er funne, er nært knytt til det historiske slaget ved Hjørungavåg, då det ligg ved innløpet til vågen som mange historikarar har meint er det historiske Hjørungavåg.»
Fylkeskommunen fortel så vidare at dette skal vere eit av dei viktigaste slaga i norsk vikingtid. Håkon jarl sin siger mot dei invaderande jomsvikingane var viktig for å sikre norsk sjølvstende. I pressemeldinga brukar ein også mellomtitlar slik som: «Knytt til historisk slag». Ikkje rart at pressemeldinga somme stader har fått heidersplass på facebook. Fleire aviser og blad har spunne vidare på slagtilknytinga, og jamvel NTB har spreidd vidare dei sensasjonelle opplysningane.
Det er ei stor gåte for meg at ein ut frå funnet av spor etter eit langhus knyter på forteljinga om jomsvikingslaget. Spor etter langhus vil ein finne mange stader på Sunnmøre. No ventar eg berre på at tilhengarane av Olaf Welde sin teori om at slaget stod i Ulsteinfjorden tek laust. På Osnes er det funne langt fleire spor etter stolpehol enn på Ovra.
Og tenk om ein finn spor etter langhus ved Steinvågen og Vegsundet eller ved eit av dei andre føreslegne alternativa for jomsvikingslaget. Det enda i ei mislykka graving ved Tyssefossen då entusiastar ville prove at jomsvikingslaget stod i Hjørundfjorden, men no kan det vere nok å finne nokre stolpehol.
Johan Ottesen