Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete

Illustrasjon frå «Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete»

Stadnamngranskaren Eivind Vågslid seier at øynamnet Hǫð tyder ung geit.

Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete Som svar på mitt spørsmål kring den merkelege samansetjinga Hǫðr-Hjørungavaag, fortel Ole Frank Bakken i Vikebladet at namnet som styret har vedteke, er Hǫðr-Hjørungavåg Vikingsete, men at dobbel «a» har vore nytta i uformelle samanhengar. På facebook-sida til laget er det namnet med dobbel «a» som vert nytta. Og ikkje nok med det: I Brønnøysundregisteret synest namnet å vere Hodr-Hjørungavåg Vikingsete. Kanskje laget burde verte einig med seg sjølv om å bruke eit eins namn.

I mitt innlegg lurte eg på kvifor laget valde Hǫðr/Hodr og ikkje Hǫð/Hod, som er det gamle namnet på Hareidlandet. Forklaringa, som eg får her, er at namnet ikkje kan brukast fordi Hod kan verte aktuelt som namn på ein framtidig felles kommune av Ulstein og Hareid. Eg forstår ikkje at det skal vere eit problem. Det er svært mange lag som har kommunenamnet knytt til namnet på laget. Og det kan gå lang tid før samanslåing. Då spørsmålet sist var aktuelt, var det politikarar i Hareid som heller ville til Ålesund. Det verka då som at dei ikkje ville ha noko å gjere med den gjeldstunge kommunen Ulstein. Og no synest vel politikarane i Ulstein det er nok å slite med sine eigne økonomiske vanskar om ein ikkje skal løyse Hareid sine. Og slik går no åra.

Eg spurde også om det var for å heidre guden Hǫðr eller ein segnkonge på Hadeland at ein valde å bruke Hǫðr i lagsnamnet. Svaret som eg får her, er at namnet Hǫðr tyder krigar. Det vert elles brukt om guden Hǫðr, som også kan vere verd å minnast. Eg kan her legge til at i eit innlegg 8. november underskrive av Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete, merk skrivemåten, seier ein at Hoðr har «namnet sitt frå øya vi bur på Hod.»

Det er ulike meiningar om kva det gamle øynamnet Hǫð tyder. Stadnamngranskaren Eivind Vågslid skriv i boka Stadnamntydingar II at øynamnet Hǫð tyder ung geit. Geitehaldet var også utbreidd på øya den gongen jomsvikingane skulle ha kome på besøk. I jomsvikingsoga får me elles fortalt om bonden Ulf som dreiv 12 geiter og 3 kyr framfor seg då jomsvikingane gjorde strandhogg.

Det er ikkje berre byggjarane av vikingsetet som vil leggje ein «r» til Hǫð-namnet. Vågslid er den som sterkast har knytt gudenamnet Hǫðr til øynamnet. Men han tolkar i den samanheng hǫðr til å tyde geitegjætar eller geiterøktar. Han seier at den blinde våpenlause mannen med mistelteinen minner meir om ein gammal geiterøktar enn om ein stridsgud.

Og knyter me Vågslids tolking til eit geografisk namn så får me kanskje vite kvar geiterøktarane heldt til?

Johan Ottesen