Eit merkeleg namn

Illustrasjon frå «Eit merkeleg namn»

I Vikebladet 22. oktober kan me lese om Hodr Hjørungavaag Vikingsete. Det er entusiastar som vil ha jomsvikingslaget til Liavågen som står bak dette flotte byggeprosjektet. Men kvifor har dei valt namnet Hǫðr/Hodr og ikkje Hǫð/Hod? Eg hadde rekna med at Hod hadde vore meir naturleg å velje dersom ein ville satse på ei meir moderne skiftform i staden for den gammalnorske forma Hǫð. Hǫð er det gamle namnet på Hareidlandet, og vikingsetet er plassert på denne øya.

I eit innlegg 1. november brukar innsendaren, Vagn Åkeson d.a.y, nemninga Hoðr- Hjørungavaag Vikingsete. Eg reknar med at personen nyttar eit dekknamn. I sin hyllest 8. november til nemnde innsendar brukar vikingsetet også nemninga Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete. Det kan vere vanskeleg å gje att det korrekte namnet på vikingsetet: Hǫðr- Hjørungavaag Vikingsete. Det er ikkje alle skrifter som har ǫ (kalla o med kvist) og ð (stungen d).

Av ein eller annan grunn har vikingsetet valt skriveforma Hǫðr og ikkje namnet på øya, som er Hǫð. Og kven var Hǫðr? Norrøn ordbok gjev oss forklaringa. Hǫðr er eit personnamn. Hǫðr var ein av gudane i den gamle norrøne religionen. Han er mest kjend som banemannen til Balder. Ifylgje ei segn skal ein konge på Hadeland også ha heitt Hǫðr. Er det Balders banemann eller kongen på Hadeland vikingsetet vil framheve ved val av namnet? Eg stussa også på skriveforma Hjørungavaag. Er det for å gjere heider på namnet som poststaden fekk i 1897? Dobbel aa var den gongen nytta som å. Før namnebytet til Hjørungavaag sa folk Liabygda om skulekrinsen. Men postnamnet Liabygda var allereie oppteke på Sunnmøre. Dermed greidde innbyggjarane i krinsen å få aksept for namnet Hjørungavaag då bygda fekk postopneri. Dei hevda at Liavågen hadde hatt dette namnet tidlegare og fekk postverket med på det.

Johan Ottesen