Ulfstein-huset

Illustrasjon frå «Ulfstein-huset»

Rasmus Ulfstein slutta som styrar på Ulstein forbruksforening og starta med butikk i huset me ser til høgre. I venstre biletkant ser me butikklokalet til forbruksforeininga. (Foto: Gustav Osnes) Ulfstein-huset 1. september 1879 vart det inngått ein avtale mellom Bernt Larson Osnes og herr A. Riise i Ålesund om feste av ei tomt som grensa til bygdevegen gjennom Ulsteinvik og vidare langs vegen ned mot Ulstein forbruksforening. Me får elles vite i avtalen at på tomta, som vart utstukken, «har fæsteren begynt at opføre et hus». Ved inngåing av avtalen skulle Riise betale kr 120, som ein eingongssum, og vidare kr 10 i årleg avgift. Avgifta skulle betalast kvart år innan julaftan.

Avtalen gav Riise rett til å nytte tomta slik han fann det best. Tradisjonen fortel at huset som han hadde under oppføring, var kjøpt brukt i Romsdal, og at bakeribygningen, som han også sette opp på tomta, var kjøpt på brukt Bjørkedalen. Årstalet som er rissa inn i tømmeret på bakeriet, tyder på at bygningen stammar frå 1635.

Kyrkja vart flytt frå garden Ulstein og til Ulsteinvik sentrum året før, i 1878. Den nærliggjande tomta var såleis ein lagleg stad å plassere eit bakeri.

Ålesundaren A. Riise som inngjekk avtalen, hadde ikkje etternamnet sitt frå Hareidsdalen, men frå Bondalen. Hans fulle namn var Ananias Endreson Riise, og han levde mellom 1827 og 1889. Riise har ofte vore nemnd som agent. Dette fordi han var agent for Bernt J. Olsens Tobaksfabrikk i Christiania. I 1856 gifta han seg med Henrikke Torbjørnsdotter Strandabø (1824–1887) frå Ulstein. Kanskje var det denne tilknytinga til Ulstein som gjorde at han etablerte bakeriet her.

  1. august 1882 inngjekk Riise ein avtale om å selje husa som stod på tomta. Det var «våneog bageribygning samt med tilhørende udhus». Kjøparen, Rasmus Johannesson Ulfstein, skulle ta over eigedomen 14. oktober. Av kjøpesummen, kr 2800, skulle kr 800 betalast kontant. Det kan elles nemnast at Rasmus var gift med Anne Marie Osnes, syster til bortfestaren Bernt Osnes.

Rasmus Ulfstein hadde vore styrar av Ulstein forbruksforening. Han starta no konkurrerande daglegvarehandel i det nykjøpte huset. Dei gamle kundane til forbruksforeininga, som ikkje brukte båt, måtte no gå forbi butikken til Ulfstein. Men det enda med konkurs i 1895. Frå 1896 og til 1927 vart så forretninga driven vidare under namnet A.M. Ulfstein. 24.10.2024