Jomsborg og jomsvikingar
Somme tider kan ei ny kjelde snu om på det som ein tidlegare har trudd på. Med utgjevinga av boka Vikingakungens guldskatt har den svenske arkeologen Sven Rosborn kome med mange nye opplysningar. Opplysningar som gjer at me truleg må revidere oppfatninga vår av Jomsborg og jomsvikingane.
Det har vore mange forslag på plassering av Jomsborg. Men i dag meiner dei fleste at borga låg i eller i nærleiken av byen Wolin ved utløpet av elva Oder i Polen.
Jomsvikingsoga fortel at Jomsborg stod delvis på land og delvis i sjø. Innafor borgmurane som også gjekk ut i sjøen, var det plass til 360 langskip. Over innløpet til borga vart det bygd ein steinkvelving, som skip kunne sigle under. Denne opninga kunne stengast frå innsida med jarndører. Oppe på kvelvingen stod eit stort kastell med katapultar. Det er ikkje fritt for at ein kan assosiere konstruksjonen med kolossen over innløpet av hamna på Rhodos.
Storleiken på hamna i Jomsvikingsoga reflekterer truleg grunntonen elles i soga. Ifylgje Jomsvikingsoga dreg jomsvikingane til Noreg med kring 180 skip. Snorre og Fagerskinna har berre tredjeparten – 60 skip.
Livet i borga vart styrt av spesielle reglar. Gjennom avrettingsscenene i Jomsvikingsoga får me også innblikk i levereglane til desse frykta krigarane.
Kven etablerte Jomsborg?
Jomsvikingsoga fortel at festninga Jomsborg vart oppretta etter ein avtale mellom Palnatoke og den vendiske kongen Búrizláfr. Det er vel heller tvilsamt om denne avtalen kunne ha vore gjort med Búrizláfr (Boleslaw I). Han vart fyrst konge i 992, som er fleire år etter jomsvikingslaget.
Men ikkje alle støttar historia i Jomsvikingsoga kring etableringa av Jomsborg. I andre kjelder, slik som Fagerskinna, er det Harald Blåtann som bygde Jomsborg etter at han hadde hærteke område langs Vendlandskysten. Sven Aggesen skriv at det var Harald Blåtann som etablerte Jomsborg (Hyumsburgh).
Også Saxo Grammaticus fortel at det var Harald Blåtann som etablerte Jomsborg etter å ha erobra Vendland og plassert ein styrke med krigarar i den mektigaste byen der, Julin (Wolin). Styrken skulle vere under kommando av Styrbjørn. Desse krigarane skulle ha vorte vidgjetne for sine dristige sjørøvartokt. Etter kvart som dei la under seg folk som budde i området, førte deira hjartelause måte å oppføre seg på til død og øydelegging for sjøfararande over store område. Dette styrka Danmark si maktstilling meir enn nokon militær aksjon til lands. Mellom desse sjørøvarane fann me Bue, Ulf, Karlsevne og Sigvalde.
Nye kjelder
I 2021 gav den svenske arkeologen Sven Rosborn ut boka Vikingakungens guldskatt. Opplysningane i boka hans er basert på eit skrift som vert kalla - Gesta Wulinensis ecclesiae pontificum. Det er ei kyrkjeleg dagbok med korte opplysningar. Originalen som er bortkomen i dag, skal ha vore komplett for tidsromet 1140 til 1173. Vedlagt låg det også brotstykke frå tidlegare dagbøker. Desse gir glimt frå dansk historie frå 941 til 1025. Desse brotstykka vart omsette frå latin til polsk etter siste verdskrigen. Det vert sagt at Harald Blåtann sin personlege prest, Avico, skal ha ført boka i sin periode.
Nærleiken til Harald Blåtann kan gje god tilgang til viktige opplysningar, men er samstundes farga av tilknytinga dit. Me merkar også det religiøse synet til skrivaren når han omtalar den ugudelege Håkon jarl.
Dette skriftet som til vanleg vert kalla Gesta Wulinensis, vart møtt med stor skepsis frå enkelte den fyrste tida. Mitt inntrykk er at skriftet meir og meir vert akseptert som ei samtidig kjelde. Jamfør her at kjeldene som me elles støttar oss på, slik som Jomsvikingsoga, Heimskringla og Saxo Grammaticus, er skrivne over 200 år etter hendingane som me snakkar om her.
Bygd på gammal borg
Gesta Wulinensis fortel at Jomsborg vart grunnlagt av Knut Gormsson, storebror til Harald Blåtann. Palnatoke (Tukki Normandie), son av Palmairslau frå Fyn, var i Wolinområdet for å verve troppar for Knut Gormson i 949. Han kom tilbake i 953 og hjelpte Lubomir, herskaren i Wolin. Som takk for hjelpa fekk Knut løyve til å etablere Jomsborg på Jumno-halvøya på ein plass som heitte Jumlin. Det er rimeleg å gå ut frå at Palnatoke vart utpeikt til å vere leiar av borga. Ein periode hadde også Sigvalde jarl denne stillinga.
Elva Oder renn ut i innsjøen Zalew Szczeciński. Ei av elvane derifrå, Dziwna, renn forbi Wolin og skil byen frå fastlandet lenger aust. Det er her på fastlandet, fire kilometer austafor Wolin, at Knut Gormsson ifylgje Sven Rosborn fekk løyve til å setje opp Jomsborg på nokre gamle borgruinar. Borga låg i ein grunn fjord som gjekk innover frå Dziwna ved Skarchowo mot Wiejkowo ved sjøen Ostrowo. Seinare landheving har gjort at fjorden no er eit stort våtmarksområde.
Jomsvikingane sendt av danskekongen?
I Noreg har jomsvikingslaget vore fokusert på som ei avgjerande hending i kampen for norsk sjølvstende mot Danmark. I Jomsvikingsoga er det Svein Tjugeskjegg som sender jomsvikingane til Noreg for å knekke Håkon jarl. Det same seier Fagerskinna og Heimskringla. Saxo Grammaticus fortel at det er Harald Blåtann som sender piratar frå Julin (Jomsborg) under leiing av Bue og Sigvalde til Noreg for å straffe Håkon jarl.
På bakgrunn av desse kjeldene vil tidfestinga av slaget vere avhengig av kva for dansk konge som sende jomsvikingane til Noreg. Ein har gått ut frå at Harald Blåtann døydde i 985. Han hadde då rømt til Jomsborg etter å ha vorte såra i krigen mot Svein Tjugeskjegg. Var det Harald Blåtann som sende jomsvikingane av stad, må slaget ha vore før han døydde. Var det Svein Tjugeskjegg som sende jomsvikingane av stad i lag med eigne skip, må slaget ha vore etter dette året. 986 vert då sett på som eit sannsynleg år.
Dei siste åra før Harald Blåtann døydde, kjempa han mot opprøraren Svein Tjugeskjegg. Men kvifor skulle desse to sende folk til Noreg for å nedkjempe Håkon jarl midt i ein borgarkrig i Danmark? Det måtte vere viktigare både for Harald og Svein at kreftene vart brukte i kampen i sjølve Danmark.
Jomsvikingane lid nederlag
Midt i denne borgarkrigen reiste så ein hær med jomsvikingar til Noreg. Dei drog truleg av stad med ein langt mindre flote enn det som me får presentert i Jomsvikingsoga. Det enda med tap. Gesta Wulinensis fortel at Sigvalde jarl og broren Torkjell Høge vart arresterte av Harald Blåtann etter at dei kom heim til Danmark. Dei vart skulda for å ha planlagt svikefulle intrigar og ha oppmoda folk til opprør. Dei vart seinare sleppte fri. Gesta Wulinensis seier at dette toktet var i 983/984. Slaget var såleis ikkje i 986 som ein vedtok i samband med reisinga av monumentet på Ovraneset.
Forklaringa på tapet i Noreg var at «Norregii's» herskar, dvs. den danske kongen, ikkje ville straffe ein krigar som hadde kidnappa og teke syster til Sigvalde og Torkjell til ektemake. Namnet på kvinnerøvaren var ukjent for Gesta Wulinensis, men at «Norregii» vert nytta i denne samanhengen kan indikere at han var norsk. Jamfør her historia i Jomsvikingsoga der Vagn lovar å fare til Noreg og ta Ingebjørg, dotter til Torkjell Leira, til ektefelle same kva faren, som han skulle drepe, måtte meine.
Gesta Wulinensis nemner ingen ting om kvar i Noreg dette slaget stod og fortel heller ikkje kven motstandaren var. Fyrste gongen som me får ein peikepinn på kvar slaget stod, er i Eiríksdrápa (c. 1025). Her vert det sagt at slaget stod på Møre. Det er fyrst 200 år seinare at det litterære namnet Hjǫrungavágr dukkar opp i Jomsvikingsoga.
Jomsvikingane dreiv handel
Rosborn seier at slave- og salthandel var viktige inntektskjelder for Jomsborg, der det kunne bu 2500-3000 personar. Altså færre enn det inntrykket ein får gjennom soga om jomsvikingane. Ved etableringa av Jomsborg fekk Palnatoke løyve til å kjøpe slavar og salt i Wolin. Allereie i etableringsåret sende han fleire skip med slavar og salt til Sjælland. Salt var ei attraktiv handelsvare i vikingtida. Langs kysten av Polen var det gode kjelder for saltutvinning. I staden for å drive med røvartokt i sommarhalvåret, er det vel så rimeleg at jomsvikingane tente mest på å kontrollere salthandelen frå produksjon til distribusjon.
I ei vidare offentleggjering av innhaldet i Gesta Wulinensis for året 974 får me vite at Håkon jarl var i Danmark då Harald Blåtann bad vasallen sin om hjelp i kampen mot den tyske keisaren. Han vart ikkje bodsend frå Noreg slik Snorre fortel. Håkon jarl var allereie i Danmark fordi han hadde planar om ei hærferd til England i lag med jarlar frå nordre Jylland.
Håkon jarl til Jomsborg
Som vasall under Harald Blåtann vart no Håkon jarl motvillig tvinga til å kjempe mot den tyske keisaren. Under kampane som fylgde nytta han også høvet til å røve til seg gods og gull. Han forlét svikfullt Harald Blåtann. Håkon siglde så vidare til Jomsborg for å veksle inn krigsbytet til nye krigarar, slavar, salt og våpen. Gesta Wulinensis fortel også at planen hans var å få jomsvikingane med på øydeleggje Jylland og Skåne for deretter å hærta England. Men folka på Jomsborg greidde å fordrive Håkon jarl. Jomsvikingane slutta seg seinare til Harald Blåtanns kamp mot keisaren.
Jomsvikingane var kanskje ikkje det mektige krigarsamfunnet som det vert fortalt om i Jomsvikingsoga. Dei livnærte seg truleg fyrst og fremst på handel av salt og slavar, og ikkje ved plyndringstokt. Ekspedisjonen til Noreg var ikkje på oppdrag av verken Harald Blåtann eller Svein Tjugeskjegg for å overta Noreg. Kanskje var det eit hemntokt knytt til ei kidnappa syster eller problem kring salt- og slavehandelen? Eller enkelt og greitt ei takk for sist knytt til kampane ved Jomsborg då Håkon jarl var dit i 974?
Johan Ottesen