Har det vore mange slag i Liavågen?

Arkeologar har nyleg gjort undersøkingar på Ovra

I samband med bruk av georadar for å granske eit område på Ovra i Hareid kommune, kunne fylkeskommunen fortelje oss at det var gjort funn av stolpehol frå eit langhus. Det vart framstilt som eit viktig funn – det kunne knytast til eit slag. No kan ein lese om funnet på kulturminnesøk. Dessverre får ein ikkje opplysningar om storleiken på dette viktige huset. Men me får vite at huset stammar frå yngre jarnalder. Ja, kanskje var der eit slag i jarnalderen også?