Namnet på vikingsetet. Debatt

Tre innlegg i Vikebladet Vestposten om namnet på vikingsetet i Hjørungavåg, prenta 12., 15. og 19. november 2024.

Eit merkeleg namn

I Vikebladet 22. oktober kan me lese om Hodr Hjørungavaag Vikingsete. Det er entusiastar som vil ha jomsvikingslaget til Liavågen som står bak dette flotte byggeprosjektet. Men kvifor har dei valt namnet Hǫðr/Hodr og ikkje Hǫð/Hod? Eg hadde rekna med at Hod hadde vore meir naturleg å velje dersom ein ville satse på ei meir moderne skiftform i staden for den gammalnorske forma Hǫð. Hǫð er det gamle namnet på Hareidlandet, og vikingsetet er plassert på denne øya.

I eit innlegg 1. november brukar innsendaren, Vagn Åkeson d.a.y, nemninga Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete. Eg reknar med at personen nyttar eit dekknamn. I sin hyllest 8. november til nemnde innsendar brukar vikingsetet også nemninga Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete. Det kan vere vanskeleg å gje att det korrekte namnet på vikingsetet: Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete. Det er ikkje alle skrifter som har ǫ (kalla o med kvist) og ð (stungen d).

Av ein eller annan grunn har vikingsetet valt skriveforma Hǫðr og ikkje namnet på øya, som er Hǫð. Og kven var Hǫðr? Norrøn ordbok gjev oss forklaringa. Hǫðr er eit personnamn. Hǫðr var ein av gudane i den gamle norrøne religionen. Han er mest kjend som banemannen til Balder. Ifylgje ei segn skal ein konge på Hadeland også ha heitt Hǫðr. Er det Balders banemann eller kongen på Hadeland vikingsetet vil framheve ved val av namnet?

Eg stussa også på skriveforma Hjørungavaag. Er det for å gjere heider på namnet som poststaden fekk i 1897? Dobbel aa var den gongen nytta som å. Før namnebytet til Hjørungavaag sa folk Liabygda om skulekrinsen. Men postnamnet Liabygda var allereie oppteke på Sunnmøre. Dermed greidde innbyggjarane i krinsen å få aksept for namnet Hjørungavaag då bygda fekk postopneri. Dei hevda at Liavågen hadde hatt dette namnet tidlegare og fekk postverket med på det.

Johan Ottesen, Ulasteinvik

Hǫðr, eit flott namn!

Vi er litt usikre på kvar Ottesen vil med sitt innlegg 12. november, men vi skal søkje forklare kvifor vi har valt særnamnet Hǫðr. Innlegget til psevdonymet Vagn Åkeson står seg sjølv og treng ikkje forklåring. Men fyrst nokre kommentarar til innlegget.

Vi har seinaste 40 år med stor interesse lese og sett oss inn i dei fleste fantasirike teoriane om kvar slaget mot Jomsvikingane sto, også Ottesen sine. Som i all forsking på historie er sjansen for å bevise, årsette og stadfeste historiske hendingar svært utfordrande. Utan å gå inn i polemikk om dette, stadfestar vi at fleire historiske skrift peikar på Hjørungavåg, at nasjonalmonumentet er sett opp i Hjørungavåg og at ein no truleg har funne restar etter langhus og skipsgrav som befestar Hjørungavåg som ein viktig stad i vikingtida. Punktum!

Så er det mange som sår tvil om skrivne ord, løftar fantasifulle tydingar og peikar på nye geografiske område og leitar etter skattar. Det er sjølvsagt både morosamt, spanande og det ligg truleg mange rare motiv bak. For oss er dette ein diskusjon som er lite interessant. Vi er ikkje ein gjeng entusiastar som «vil ha slaget til Liavågen», som Ottesen skriv. Vi er ein gjeng entusiastar som vil formidle viktig nasjonal historie, kultur og identitet for komande generasjonar. I dette inngår også å fortelje at mykje av det som er skrive, om detaljar frå slaget og nøyaktig kvar det sto, er kunnskap det kan vera tvil om. I tillegg til historia om det viktige slaget, handlar det også om kvifor vikingane drog på herferd, kriga og fekk ry for sin råskap. Vidare syne korleis dei rådde grunn, kva teknikkar og reiskap dei nytta når dei reiste hus og bygde båtar. Og korleis hardbarka kvinner også i denne tida tok i vare familie, laga klede, konserverte mat, fangsta, dyrka marka og levde. I dette har heile øya sin identitet, si arv og historie.

Så til namneval; Vi er ei ideell stifting tufta på demokrati og transparens. I 2018 når nokre entusiastar vart samla for å vurdere den vanvettige ideen om å bygge langhus, måtte vi kalle oss noko. Hjørungavåg Vikingpark vart meldt Brønnøysund, mest for å ha noko å skriva på innmeldingsskjemaet. I seinare styremøte vart namn løfta ved fleire høve då vi starta diskutere bruk av huset, profilering, marknadsføring og turisme. Vi bad innbyggarane om innspel og fekk inn mange gode forslag; Leira, Bard, Hjǫrð, Gonol, Hǫðr og Jarn for å nemne nokre. Enkelte ville kutte ut Hjørungavåg og andre ville ha hovdingsete i namnet.

Etter eit langt styremøte gjekk vi samla for Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete. Bruken av dobbel «a» har vore litt fritt å nytta i uformelle samanhengar, men vi orsakar at vi både på heimeside og i innlegg har nytta båe. Det var vektige grunnar til akkurat dette namnet. Det refererer til -og har rot i- det gamle namnet til øya vår (Hod) men vi ville ikkje ha det gamle namnet til øya, då det fort kan vere aktuelt som kommunenamn i framtida. Vi ville knyte namnet til norrønt og gamalnorsk, og vi ville halde på Hjørungavåg men ha bort «park» då det er for mange parkar omkring. Så betyr Hodr «krigar» og vert skrive som Höðr på gammalnorsk: Vidare er Hǫðr [hodr] er ein gud i norrøn mytologi som Ottesen er inne på. Han er den blinde sonen til Odin og Frigg som blir lurt og guida av Loke til å skyte ei mistelteinpil og drepe den usårlege Baldr. Med «sete» og ikkje «park» peikar vi på kor viktig Torkjell Leira var, og at Håkon Ladejarl valde å halde sitt tingsete på Sunnmøre.

Med dette namnet har vi fått eit særeigent namn i promotering (Hǫðr), tufta identitet til slagstaden (Hjørungavåg) og vikinghistoria (Vikingsete) til heile øya. To kommune, eitt folk! Vi er ein gjeng glade frivillige amatørar. Vi gjer så godt vi kan og tar alle tilbakemeldingar til oss.

For Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete, Ole Frank Bakken

Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete

Som svar på mitt spørsmål kring den merkelege samansetjinga Hǫðr-Hjørungavaag, fortel Ole Frank Bakken i Vikebladet at namnet som styret har vedteke, er Hǫðr-Hjørungavåg Vikingsete, men at dobbel «a» har vore nytta i uformelle samanhengar. På facebook-sida til laget er det namnet med dobbel «a» som vert nytta. Og ikkje nok med det: I Brønnøysundregisteret synest namnet å vere Hodr-Hjørungavåg Vikingsete. Kanskje laget burde verte einig med seg sjølv om å bruke eit eins namn.

I mitt innlegg lurte eg på kvifor laget valde Hǫðr/Hodr og ikkje Hǫð/Hod, som er det gamle namnet på Hareidlandet. Forklaringa, som eg får her, er at namnet ikkje kan brukast fordi Hod kan verte aktuelt som namn på ein framtidig felles kommune av Ulstein og Hareid. Eg forstår ikkje at det skal vere eit problem. Det er svært mange lag som har kommunenamnet knytt til namnet på laget. Og det kan gå lang tid før samanslåing. Då spørsmålet sist var aktuelt, var det politikarar i Hareid som heller ville til Ålesund. Det verka då som at dei ikkje ville ha noko å gjere med den gjeldstunge kommunen Ulstein. Og no synest vel politikarane i Ulstein det er nok å slite med sine eigne økonomiske vanskar om ein ikkje skal løyse Hareid sine. Og slik går no åra.

Eg spurde også om det var for å heidre guden Hǫðr eller ein segnkonge på Hadeland at ein valde å bruke Hǫðr i lagsnamnet. Svaret som eg får her, er at namnet Hǫðr tyder krigar. Det vert elles brukt om guden Hǫðr, som også kan vere verd å minnast. Eg kan her legge til at i eit innlegg 8. november underskrive av Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete, merk skrivemåten, seier ein at Hoðr har «namnet sitt frå øya vi bur på Hod.»

Det er ulike meiningar om kva det gamle øynamnet Hǫð tyder. Stadnamngranskaren Eivind Vågslid skriv i boka Stadnamntydingar II at øynamnet Hǫð tyder ung geit. Geitehaldet var også utbreidd på øya den gongen jomsvikingane skulle ha kome på besøk. I jomsvikingsoga får me elles fortalt om bonden Ulf som dreiv 12 geiter og 3 kyr framfor seg då jomsvikingane gjorde strandhogg.

Det er ikkje berre byggjarane av vikingsetet som vil leggje ein «r» til Hǫð-namnet. Vågslid er den som sterkast har knytt gudenamnet Hǫðr til øynamnet. Men han tolkar i den samanheng hǫðr til å tyde geitegjætar eller geiterøktar. Han seier at den blinde våpenlause mannen med mistelteinen minner meir om ein gammal geiterøktar enn om ein stridsgud.

Og knyter me Vågslids tolking til eit geografisk namn så får me kanskje vite kvar geiterøktarane heldt til?

Johan Ottesen