Hyllest - Åkeson. Vikebladet faksimilie
Vyrde Vagn Åkeson d.a.y.
Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete takkar for æra du syner vikingsetet med ditt besøk. Stor takk for dine ord om at våre forfedre held hand over vårt arbeid og ser med vyrnad på oss.
Det er ei vektig hending at den legendariske danske vikingkrigaren sender sin etterkomar for å halde auge og gje tilslutning til bygging av vikingsetet i Hjørungavåg. Vagn Åkeson var den mest fryktlause av alle Jomsvikingar. Alt i 12-års alder vart han medlem -og del av brorskapet i Jomsborg ved å nedkjempe mektige Sigvalde jarl i duell. Imponerande og mektig då lova var at ein skulle vera 18 vintrar før ein kunne gå i strid.
I slaget ved Hjørungavaag nedkjempa og rydda Vagn mange skip inntil Eirik jarl la Jarnbarden mot han og gjekk berserk. Det vart eit blodig men ærefullt basketak og din tippoldefar (x43) kjempa djervt. Eirik jarl rydda til slutt skipet og tok han til fange.
Eit år før, i gjestebodet til Tjugeskjegg av Danmark, drakk hovdingar og mektige krigarar arveøl og haldt bragelovnadar om djervskap dei skulle gjera for kongen etter at Håkon Ladejarl hadde vanæra og utfordra makta. Lovnadar vart gjeve av mektige menn som Bue Digre, Sigvalde jarl og Torkjell Høye, men ingen greidde innfri. Din tippoldefar (x43) lyfta også store ord i gjestebodet. Han lova å drepe Torkjell Leira (lendmann på Sunnmøre) og gå til sengs med den fagre dotra hans Ingeborg.
Vagn sat no på avrettarstokken og skulle bli halshogd i eit blodig oppgjer etter slaget, men sleit seg laus, drap Torkjell Leira og skreik; «No har eg halde ein av lovnadane mine!!». Håkon jarl ville drepe han straks, men Eirik jarl -som udiskutabelt var sigraren i slaget- meinte Vagn utøvde djervskap og gav han grid (amnesti/nådetilsegn) saman med tolv andre. Ein kan undra om Eirik og Vagn sin hug til miskunn i den nye trua «kvitekrist» som var avgjerande.
Eirik gav Vagn skip og mannskap, han fekk gifte seg med Ingeborg og slik holdt han begge sine lovnadar. Din tippoldefar (x43) fekk livet og ære etter sitt besøk i Hjørungavåg. Mange storfolk er etterkomarar av din tippoldefar (x43) og vår Ingeborg Torkjelldatter. Blant dei er du også Vagn!
Vi i Hoðr vil med vyrnad og respekt formidle viktig nasjonal historie, kultur og føre vidare arva etter djerve hardføre kvinner og menn frå vikingtida, også dine! Hoðr har namnet sitt frå øya vi bur på Hod. Vår stolte historie, identitet og kultur er ankra fast på denne vesle øya her i nordvest. Stor takk for ditt brev til oss. Det er gjort store og viktige arkeologiske funn seinaste tida i Hjørungavåg. Det vert stor opningsfest for langhuset fire dagar til ende 29. mai 2025, og då får du vite meir Vagn. Alle Jomsvikingar er hjarteleg velkomne!
Hoðr-Hjørungavaag Vikingsete