Varholmen
«Varholmen» som gjekk i ferjetrafikk på ytre søre Sunnmøre i 1950-åra, var opphavleg bygd som fiskebåten «Anny».
Første eigarane av båten var brørne Conrad og Aron Carlsson, og Lonch Nilsson. Dei var frå Styrsö i skjergarden ved Göteborg. «Anny» vart der fiskeriregistrert som GG 496.
I 1919 fekk «Anny» større motor – ein 40 hk Bolinder. Carl Carlsson er sagt å vere eigar då båten i 1937 vart seld til Trafik AB, Öckerö Skärgård, Hälsö.
Den tidlegare fiskebåten, som endra namn til «Varholmen», vart no ombygd til passasjerbåt ved J.W. Bergs varv og fekk innsett ein 80 hk Bolinder-motor. Det var forresten familien Berg som også åtte trafikkselskapet.
I 1942 kjøper O.M. Næssø, Tromsø, «Varholmen». Næssø skøyter eit par månader seinare båten vidare til AS Florvåg, Bergen. Men det er først i 1950 at «Varholmen» kjem inn i det norske skipsregisteret. Måla var då: 49,85 fot lang, 17,8 fot brei og 7,3 fot djup, 67,48 bruttotonn og 30,19 nettotonn.
Sommaren 1953 kjøper Trygve Moltubakk, Moltustranda, «Varholmen». Ferja blir ei tid etter sett inn i sambandet Torvik–Ulsteinvik og erstattar båtruta som «Minde» hadde gått i. Ruta var fire turar kvar veg per dag. Det synte seg snart at det var behov for ei større ferje, og i 1957 vart «Varholmen» avløyst av den nybygde «Torulf».
I mars 1958 får eit partsreiarlag på Stokkøya i Fosna skøyte på «Varholmen». I dette laget hadde Ole Svenning, Alf Skjærvik og Arnfinn Nilsen kvar sin tredjepart. Dei hadde vore på sildearbeid på Moltustranda då dei fekk vite at ferja var til sals. «Varholmen» som no vart sett i rute mellom Stokkøya, Linesøya og Revsnes, kom i staden for ein liten motorbåt som tidlegare hadde gått der. Krumtappen på Bolinder-motoren rauk etter kring eit år, og no vart det sett inn ein 120 hk dieselmotor.
Etter at Fosen trafikklag overtok ruta, vart «Varholmen» i 1966 seld til Johs. Skjelbakken, Mo i Rana. Han sel i 1967 båten vidare til Nord-Norges Froskemann-Dykkerservice (Jon Berg), Tromsø.
Under sprengingsarbeid på botnen då ein skulle ta opp maskina frå ein forlist tysk jagar, sokk «Varholmen» i Rombakfjorden ved Narvik 9. september 1968. Folka på ei flytekran hadde plassert ei ladning på kring 30 kilo dynamitt på jagaren. Då dynamitten gjekk av, gjekk «Varholmen» ned. Ved tidlegare sprengingar hadde ferja, som var engasjert ved eit anna vrak enn det flytekrana arbeidde med, lege langt nærare utan at ein hadde merka noko på «Varholmen». Einaste forklaringa ein kunne gje på tilburden, var at sprenginga av dynamitten hadde fått gamle surstoff-flasker, som kunne ha lege på havbotnen, til å eksplodere.