Valder

Illustrasjon frå «Valder»

Pigghåfisket har vore ei viktig næring i Måløydistriktet, og den første båten som søkte til fjernare farvatn ved dette fisket var «Valder».

Fiskedampbåten «Valder» var bygd etter same teikningane som «Ran», som var byggenummer 5 ved Aalesunds mek. Værksted. Første eigaren av båten var Ole I. Valderhaug, Ålesund.

I mars 1923 vart «Valder» og «Reidulf» valde til å prøve ut ein sildetrål som kjøpmann Lars Langva, Ålesund, hadde konstruert. Trålen var ei ganske stor not som vart halden i ei fastsett djupne ved hjelp av flottørar. Under utprøvinga lykkast det å halde nota i ønskjeleg stilling i sjøen, men farten vart for liten. Dermed fekk ein verken sild eller fisk med denne nye reiskapen.

I 1925 vart «Valder», som var fiskeriregistrert som M – 48 – A, førd over på Ole I. Valderhaug AS, Ålesund. Men i 1928 får Aalesunds Handelsbank AS i likvidasjon under offentleg administrasjon fullmakt til å selje ”Valder”. Ny eigar i 1931 blir John Andreas Thorvik, Ålesund.

Sevrin G. Landsverk, Syvde, ved verje Gustav Landsverk, blir ny eigar i skipsregisteret i 1932. «Valder» blir no fiskeriregistrert i Syvde som M – 11 – SE. Ein samtidig avisnotis seier likevel at båten er seld til Rasmus Vetvik, Måløy, som hadde slektsband til Landsverk-familien.

Det er likevel først etter at Rasmus Vetvik var død at «Valder» i 1936 blir overførd til sønene hans: Alf Ragnar Vetvik, Olav Alfred Vetvik og Frithjof Sverre Vetvik, alle Måløy. Dei har kvar sin tredjepart, og den formelle overdraginga er frå Landsverk. «Valder» blir no fiskeriregistrert i Sør-Vågsøy som SF – 7 – SV. Alf Ragnar Vetvik døydde i 1947, og parten hans vart seinare formelt overførd til enkja hans, Jenny Vetvik.

Allereie på slutten av 1920-talet byrja pigghåfisket å bli ein viktig del av aktiviteten for fiskarar og eksportørar i Måløy. Pigghåen vart då fiska langs norskekysten, men i 1936 ville «Valder» undersøkje om det kunne vere betre førekomstar andre stader. Turen gjekk til Shetland. «Valder» kom tilbake med god fangst, og frå no av vart havområda ved Shetland det viktigaste feltet for norsk pigghåfiske.

Ved årsskiftet 1938/1939 vart «Valder» modernisert ved Bolsønes verft i Molde. Båten skifte no frå dampmaskin til ein 104 hk Tuxham-motor. Det gav båten ein fart på kring 9 mil. «Valder» fekk også nytt styrehus og bestikklugar i tillegg til andre mindre endringar. Dei ytre måla var som før, men tonnasjen vart no 59,24 bruttotonn og 20,91 nettotonn.

Under sildefisket vinteren 1944 var båten «Fiskholmen» frå Berle på Bremangerlandet ferdig med å drage garna sine sør for Bulandet då han fekk garna til ein annan båt på propellen. «Valder» skulle slepe havaristen til lands. Det var dårleg sikt, og brått braut det framfor båtane. «Valder» måtte gjere ein kraftig sving, og sleparen rauk rett utfor falla. For «Fiskholmen» var situasjonen kritisk då den nye lina som «Valder» prøvde å få om bord, glei over bord. Men då hoppa Hilmar Hauge resolutt i sjøen og fekk tak i lina. Og etter at Hauge vart berga om bord, kunne ny slepar festast, og «Fiskholmen» vart taua trygt til Florø.

Natt til 2. juni 1952 gjekk «Valder» frå Måløy for å drive fiske ved Shetland. Ut på morgonen kom stuert Magne Berg ein tur opp i styrehuset. Ei stund seinare gjekk han ned att, men då ein skulle skifte rortørn på føremiddagen, oppdaga ein at Berg var borte. Dei andre vart då klar over at det måtte ha skjedd ei ulykke. Båten snudde og gjekk same ruta tilbake utan å finne noko.

Då Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy kommunar vart slegne saman til Vågsøy, vart fiskerimerket til «Valder» endra til SF – 7 – V.

Etter at Frithjof Vetvik døydde, vart «Valder» bortleigd frå 1972. Men i 1978 vart båten seld til Johannes Nygård, Eivindvik. Han hadde tenkt å bruke «Valder» i samband med kaibygging, men kom til at båten var altfor rank. «Valder» vart difor i august 1988 søkkt på dumpefeltet mellom Rutletangen og Bekken.