Teisten

Illustrasjon frå «Teisten»

«Teisten» heitte båten som ny. Men då båten kom til Sunnmøre heitte han «Nyfolla», og båten enda sine dagar i Måløy som «Vestkapp».

«Teisten» var bygd for AS Havfiskedamper Teisten, Melbu. Dette var eitt av dei mange reiarlaga som Chr. Fredriksen var involvert i. I 1915 vart «Teisten» lengd til å bli 98,6 fot lang, og ved innføringa av merkelova blir «Teisten» i 1920 fiskeriregistrert i Hadsel som N – 28 – H.

Om kvelden 21. mars 1923 skulle «Teisten» gå frå Haugesund til Godfarnes ved Kopervik med fersk sild. På vegen dit kolliderte båten med «Fridheim» frå Lysekil. Mannskapet på den svenske båten kom seg over til «Teisten». Motoren på den herrelause «Fridheim» gjekk framleis, og båten gjekk i ring. Både folk frå «Teisten» og ei skøyte som kom til, prøvde no å drage «Fridheim» inn på grunnare vatn. Men havaristen sokk før ein fekk han så langt.

I 1933 tek eit partsreiarlag med Johannes Wiik, Bergen, og Albrigt Sangolt, Skogsvåg over båten. Dei har like store partar. «Teisten» blir no fiskeriregistrert i Sund som H – 85 – S. Sangolt sel sin part eit par år seinare til Knut Olsen Tyssøy og Absalon Lærøy.

1938 blir Johannes Wiik registrert som eineeigar. Han fiskeriregisterer «Teisten» i Bergen som B – 45 – B.

Eit partsreiarlag med Magnus Fjereide 2/3, Kårtveit, og Anfinn Fjæreide (1/3), Knapskog, blir tinglyst som ny eigar av båten i 1939. «Teisten» blir no fiskeriregistrert i Fjell som H – 46 – F. Dei nye eigarane byter no dampmaskina til ein 200 hk Wichmann-motor. Parten til Magnus skulle seinare bli overteken av enkja Jenny Fjereide.

Under krigen gjekk «Teisten» i Mietvertrag for Seetransport-Hauptstelle, Bergen. Om kvelden 13. desember 1944 kolliderte «Teisten» i Vatlestraumen med den tyske motortorpedobåten «S-201». Begge båtane fekk etter måten store skadar, og den tyske båten forsvann får ulukkestaden utan å ta kontakt med folka på «Teisten».

Det var usemje om kven som hadde ansvaret for kollisjonen og kva slags erstatning som skulle gjevast. Men partane var samde om at saka skulle avgjerast ved skilsdom. I dommen vart det lagt vekt på at den tyske båten hadde gått med full fart med sløkte lanterner, og at lanternene først vart slegne på rett før samanstøyten. Vederlaget til «Teisten» vart så fordelt med 2/3 på krigsfare og 1/3 på sjøfare.

Eit partsreiarlag med Karl Karlsen og Thomas Sørensen, begge Veavågen, blir i 1951 ny eigar av «Teisten». Dei hadde kvar sin halvpart. Nytt fiskerimerke blir R – 408 – A.

I 1954 tek eit partsreiarlag med Lars Hepsø og Einar Høvik, begge Sandviksberget, over båten. Dei åtte kvar sin halvpart. Båten blir fiskeriregistrert i Osen som ST – 6 – O. «Teisten» skifter namn til «Nyfolla» i 1955. Båten blir dette året ombygd i Trondheim og får mellom anna nytt overbygg. Etter desse endringane vart «Nyfolla» målt til å vere 115,89 bruttotonn og 29,13 nettotonn. Etter at Lars Hepsø døydde, tok enkja, Agnes Hepsø, over hans part i 1955.

I desember 1957 tek eit partsreiarlag med brødrene Holte over båten. Med her var: Olger Holte (Ålesund), Hjalmar Holte (Ulsteinvik) og Trygve Holte (Ålesund). Dei hadde kvar ein tredjepart. «Nyfolla» vart fiskeriregistrert i Ålesund som M – 25 – A.

Hausten 1960 tek Statens Fiskarbank, Ålesund, over «Nyfolla» på tvangsauksjon. Banken skøyter båten vidare til eit partsreiarlag med Torleiv Borgundvåg (1/3) og Erling Jensen (2/3), begge Måløy. Skøytet er datert i januar 1961, men partsreiarlaget hadde teke båten i bruk før denne dato. «Nyfolla» skifter no namn til «Vestkapp». Fiskerimerket i Sør-Vågsøy blir SF – 5 – SV.

Hausten 1962 tek eit partsreiarlag med Åsmund Nybakk, Kåre Nybakk, Rasmus Kråkenes, Åsmund B. Vedvik og Trygve Vedvik over båten. Dei åtte kvar sin femtepart.

I 1962 oppstod det brann to gonger om bord i «Vestkapp». Begge gongene var årsaka varme frå eksosrøret. Første gongen var 11. juli. 18. desember, då båten låg ved Fugleskjerkaia i Florø, måtte brannvernet tilkallast for å sløkkje då brannen tok seg oppatt for andre gong den dagen.

«Vestkapp» vart sletta i skipsregisteret i 1966 som kondemnert.