Då Stord grunnstøytte
Natt til 4. september 1954 var jagaren «Stord» på veg nordover langs kysten på eit opplæringstokt.
Då Stad var passert, svinga båten i retning Haugsholmen for å ta indre lei vidare då båten mellom anna skulle innom Ørsta. Etter å ha passert fyret på Vestre Frekøya, svinga båten for tidleg til babord og gjekk på grunn på Austre Frekøya.
Jagaren gleid først over ei grunne. Ein valde då ikkje å slå full fart akterover fordi då kunne propellane bli øydelagde. Det vart difor gjeve ordre om å stoppe maskinane. «Stord» seig vidare og grunnstøytte på nytt. Grunnstøytinga skjedde ved nesten flo sjø slik at båten denne gongen vart ståande heller høgt på land. Skroget fekk hard medfart, og det vart både bulkar og hol i skipssida.
«Draugen» vart straks bodsend, men bergingsdamparen måtte fort konstatere at det vart ei for vanskeleg oppgåve å få havaristen flot utan meir assistanse. Ein bad då om hjelp frå Norsk Bjergningskompagni i Bergen, som straks sende «Uller» nordover. Seinare sende bergingskompaniet også «Hercules» nordover. For å lette avdraginga vart det lossa olje frå jagaren og over på ein lekter. I tillegg vart dei kring 200 gastane som var om bord, plasserte på akterdekk medan bergingsbåtane rykte. Etter nye 19 kraftige rykk stod framleis «Stord» like fast.
Bergingsarbeidet heldt fram. No bles ein luft inn i tankane som det hadde gått hol i for å få ut sjøvatnet der. I tillegg vart den eine maskinen om bord i «Stord» brukt for å hjelpe til. Den andre maskinen kunne ikkje nyttast fordi propellen som var kopla til denne, var knust. Men etter 15 til 20 nye rykk stod jagaren like fast.
For å lette «Stord» enno meir, vart mykje av brenseloljen om bord pumpa om bord i ein ny lekter som «Nøkken» slepte til havaristaden. Ved sameinte krefter frå «Draugen», «Uller» og «Hercules» greidde dei tre bergingsbåtane til slutt å rykkje havaristen av grunnen. Deretter vart «Stord» slept til Haugsholmen for dykkargransking. Konklusjonen vart at jagaren kunne gå med ein maskin til Bergen. «Uller» fekk i oppgåve å vere følgjebåt på denne turen.
Seinare vart føraren og vaktsjefen om bord i «Stord» tiltalt etter paragraf 78 i den militære straffelova. Krigsadvokaten for Vestlandet meinte at dei hadde synt for lita aktsemd då båten skulle passere Haugsholmen.