Granit/Norleif
Kvalfangaren «Suderøy IIII» vart i 1952 ombygd til fiskebåt og fekk namnet «Granit». Seinare hamna båten i Herøy der namnet vart «Norleif».
«Suderøy IIII» var bygd for Hvalfangeraksjeselskapet Suderøy (Ole Andreas Knutsen), Haugesund. I april 1940 gjekk båten inn i Notrashipfloten. «Suderøy IIII» vart så i august 1940 bortleigd til Royal Canadian Navy og brukt som minesveipar.
«Suderøy IIII» vart hausten 1945 levert attende til reiarlaget, og båten var på kvalfangst i lag med moderskipet «Suderøy» til og med sesongen 1948/1949. Deretter vart båten lagd i opplag ved Vibransøya i Haugesund frå sommaren 1949.
Tidleg i 1952 forliste «Dreggen». Då kjøpte Kåre Bartnes (1/2), Bodin, og Peder Myrvågnes (1/2), Myrvågane, i staden «Suderøy IIII» som dei gir namnet «Granit». Båten blir fiskeriregistrert i Bodin som N–428–BN. «Granit» blir no ombygd til fiskefarty ved Gravdal skipsbyggeri, Sunde i Sunnhordland. I staden for dampmaskina blir det sett inn ein 400 hk Alpha-motor. Etter denne ombygginga blir den nye tonnasjen 253,89 bruttotonn og 104,59 nettotonn.
I 1954 kjøper AS Granit, Vartdal, parten til Myrvågnes. Båten blir no brukt til sildefiske om vinteren og til linefiske ved Grønland om sommaren. I 1958 blir «Granit» lengd ved Br. Lothe AS, Haugesund, til å bli 127,7 fot lang, 23,9 fot brei og 14,7 fot djup, 299,69 bruttotonn og 125,78 nettotonn.
I 1966 forliste «Norleif» som var første stålbåten som var bygd ved Hatløs Verksted i Ulsteinvik. Båten vart seinare heva og sett i stand av nye eigarar, som registrerte han som «Leinefisk», M–5–HØ. Dei gamle eigarane av «Norleif» kjøpte no «Granit» i staden og gav han namnet «Norleif». Båten overtok også fiskerimerket til den føregåande «Norleif», M –11 – HØ. Med i dette partseigarlaget var: Birger M. Leine, Peder B. Rogne og Bjarne B. Leine. Med åra skulle det bli endringar i eigarforholdet. Peder B. Rogne gjekk ut i 1977, og parten vart fordelt på dei to attverande. Idar Leine tok i 1979 over parten til far sin, Bjarne B. Leine.
Sommaren 1966 vart «Norleif» ombygd til ringnotsnurpar ved Hatløs Verksted, Ulsteinvik. Våren 1971 vart den 400 hk Alfa-motoren bytt til ein motor av same merke, men på 800 hk. Nok ei ombygging kom i 1972 då ein skifte styrehus. Arbeidet vart gjort ved Myklebust mek. Verksted i Gursken. I 1979 vart styrehuset bygt høgre samstundes med påsetjing av shelterdekk. Også denne jobben vart utførd ved Myklebust mek. Verksted.
- januar 1967 gjekk «Norleif» på grunn då båten skulle til Åkrehamn sildoljefabrikk med ein last makrell. I høve turen var det kjøpt inn nytt sjøkart som ein gjekk etter då ein ikkje var kjend i området. Etter å ha passert Nyvingen, vart farten redusert. Men kort tid etter grunnstøytte «Norleif» på Hamreskjeret. Sjøkartverket måtte i ettertid vedgå at det nye sjøkartet ikkje var korrekt.
Nokre av mannskapet gjekk med ein småbåt inn til Åkrehamn og henta hjelp. Tre båtar kom til: «Vinge», «Consol» og «Sambo». Under arbeidet med å drage «Norleif» av grunnen, fekk «Vinge» ein slepar på propellen og måtte sjølv få assistanse. Men ved hjelp av eiga maskin samstundes som «Consol» og «Sambo» drog, kom «Norleif» seg av grunnen. Båten lak litt, men lekkasjen var ikkje verre enn at ein kunne gå vidare inn til sildoljefabrikken og losse.
Det kan elles nemnast at «Norleif» skrapa i botnen ved Olstokvær 13. januar 1974. Båten var då på veg frå Sunnmøre og skulle på loddefeltet. «Norleif» fekk hol i botntankar og måtte slippsetjast i Bodø for reparasjon.
Etter å ha levert sin siste fangst i desember 1986, vart «Norleif» kondemnert. 22. oktober 1987 vart så båten søkkt i Voldsfjorden.