Glitner

Illustrasjon frå «Glitner»

Ein av dei mange små seglskutene som vart selde frå England til Noreg, var «Glitner». Dei fleste av desse båtane, som lokalt vart heitande engelsksmakker, skulle ende sine dagar som frakteskuter.

I 1916 sel Kristian Aasen og Olaf Skarbø, Ålesund, båten som då heitte «Harald I» til Bjarte Osnes, Ulsteinvik. Seljarane var eigar av kvar sin halvpart. Båten, som då hadde ein 24 hk Tuxham-motor, endrar no namn til «Glitner». Det kan elles nemnast at eitt av dei første oppdraga for båten var å hente material til bygging av Sjøborg i Ulsteinvik.

Etter eit havari ved Flø blir båten reparert og ombygd ved Brødrene Frostads båtbyggeri i Tomrefjorden i 1917. «Glitner» får då også ny motor og ny hekk.

Hausten 1918 skøyter Bjarte Osnes «Glitner» over på far sin, Hans B. Osnes. Ved innføring av merkelova i 1920 kjem «Glitner» inn i merkeregisteret for Ulstein som M–10–U.

Sommaren 1921 blir det i trygdepapira for båten opplyst at Jørgen Tranvåg, Sula, har blitt ny eigar. «Glitner» blir no fiskeriregistrert i Borgund som M–268–B. Men seinare same året er det Aalesunds Landmandsbank som får auksjonsskøyte på «Glitner».

Banken sel båten vidare til Chr. A. Qvale, Vega, i 1923. Her vart fiskerimerket N–111–VA. Men allereie året etter blir båten tinglyst på Peder J., Johan J. og Jens J. Johansen, alle frå Setså i Saltdal. Dei åtte kvar sin tredjepart. Båten blir no fiskeriregistrert i Saltdal som N–5–SL. Sjølv om «Glitner» var fiskeriregistrert alle stader han hadde høyrd heime, var det likevel fraktfart som båten vart brukt til.

Under siste krig vart det sett inn ein 50 hk Volda-motor. Og båten skulle også få nye dekkshus i 1940-åra. Ved eit seinare motorbyte vart det sett inn ein 150 hk Deutz diesel-motor.

I 1951 auka Johan J. Johansen sen. parten sin i båten til å bli ein halvpart. Vidare hadde Henry Johansen, Julius Johansen og Johan Johansen jr. kvar sin sjettepart. Desse tre siste vart eigar av båten med kvar sin tredjepart i 1953. Dette året vart også båten sletta i merkeregisteret.

Det var stort sett sandføring «Glitner» vart brukt til siste åra båten var i drift. Tidleg om morgonen 23. september 1976 gjekk båten frå Bodø med støypesand som skulle til Røst. I middagstida fekk dei Stavøya på Røst rett i baugen, og meininga var å gå inn sør for Tørrfallan. Det var kraftig nordleg straum, og ein la båten på ein sørleg kurs for å kome klar Tørrfallan for deretter å gå inn Ramnskjerleia.

Då ein rekna med å ha passert falla, vart kursen lagd mot vest. Men sterk straum hadde ført båten lenger nord enn ein rekna med. Dermed gjekk «Glitner» på ein bergnabb i Tørrfallan. Det vart slått full fart akterover, og frakteskuta kom seg av grunna utan problem. Men ho lak. Baugen på «Glitner» la seg djupare og djupare i sjøen. Det galdt å kome seg frå borde snøggast råd. Dei to som var om bord, Julius og Henry Johansen, gjekk i livbåten. Då dei var komne berre nokre meter frå havaristen, sokk «Glitner» med baugen først. Like etter vart dei skipbrotne tekne opp av ein fiskebåt frå Røst. Fiskebåten låg heldigvis berre eit lite stykke borte, og han frakta Julius og Henry inn til Fiskarheimen på Røst.