Edvard

Illustrasjon frå «Edvard»

«Edvard», som ei tid også høyrde heime i Herøy, forliste i 1970 då båten skulle til Ulsteinvik med trelast.

Då «Edvard» kom inn i skipsregisteret i 1903, var B. Width, Kristiansund, og A. Monsaas, Finnsnes, eigar av kvar sin halvpart. Ved eigedomsdom i 1918 får Marie Monsaas tilkjent eigedomsretten til heile fartyet. Ho skøyter båten vidare til brørne Harald og Olav Junge, begge Tromsø, i februar 1919.

I 1922 får AS Tromsø Handels- og Privatbank skøyte på «Edvard». I 1924 skøyter banken båten vidare til J. Wilsgaard, Mehamn.

Til Sunnmøre

I 1925 hamnar «Edvard» på Sunnmøre der Norsk Stok- og Klipfiskfabrik AS, Ålesund, blir eigar. I 1933 blir Karl Aarsæther, Ålesund, ny eigar av båten. Aarsæther står som eigar til i mars 1941 då Andreas Moltu og Andreas Klungsøyr, begge Tjørvåg, tek over. Dei hadde kvar sin halvpart.

Seinare same året blir «Edvard» skøytt vidare til eit partsreiarlag i Sagvåg. Med der var Severin J. Vikanes, Alf S. Vikanes, Vilgodt S. Vikanes og Sigurd S. Vikanes.

«Edvard» blir no ombygd og får i 1941 innsett ein brukt 120 hk Avanse-motor. Båten som etter ombygginga blir teken i bruk til fiske, vart no målt til å vere 93,0 fot lang, 22,3 fot brei og 9,5 fot djup, 116,93 bruttotonn og 56,24 nettotonn. «Edvard» blir fiskeriregistrert i Stord som H – 7 – SD.

Eit nytt partsreiarlag tek over i 1947. Eigar no vart Erik Vikanes, Jakob F. Vikanes, Bernhard F. Vikanes, Oskar Vikanes og Johan Rolfsnes.

I mai 1956 blir «Edvard» tinglyst på partsreiarlaget MS Edvard i Mastrevik. Partseigarane var Arne Hevrøy, Edmund Kjeilen, Harald Hellestveit og Magnus Waldersnes. «Edvard» blir fiskeriregistrert i Austrheim som H – 111 – AM.

Under sildefisket i 1957 gjekk «Edvard» frå Florø natt til 3. februar. Etter å ha runda lykta på Oddane, vart kursen sett mot lykta på Askrova. Ein møtande båt endra brått kurs då båtane var berre kring 100 meter frå kvarandre. På "Edvard" vart det gjeve hardt babord ror for å unngå samanstøyten. Men båtane tørna likevel i hop, og styrbords baug på «Edvard» råka det andre fartyet, ein tankbåt, på styrbords side.

Etter kollisjonen snudde «Edvard» og gjekk etter den andre båten for å finne ut namnet på denne. Det synte seg å vere ein hollandsk båt som heitte «Harold». «Edvard» hadde sprunge lekk i baugen. For å hindre båten å søkkje, gjekk ein til nokre skjer nord for Oddane og sette båten på grunn. Etter at skaden i baugen var tetta, greidde ein å lense båten med eigne pumper.

I mars 1965 vart Ruth Strand, Trondheim, tinglyst som ny eigar av «Edvard». I 1967 blir partsreiarlaget Hågensen & Hanø, Flatanger/Namsos ny eigar av frakteskuta.

Forliser

Før jul 1969 lasta «Edvard» ved Bangdalsbruket 55 standard trelast som skulle til Skodje, Stranda og Ulsteinvik. På grunn av dårleg ver vart avgangen utsett til 6. januar 1970.

Berre 45 minutt etter avgangen låste roret seg. Det stod fast til styrbord. Maskinisten vart tilkalla, og ved hjelp av spett greidde ein å bende rorflyndra til babord. Ein slo skiftevis akterover og framover for å halde «Edvard» i leia. Men båten dreiv likevel til styrbord og grunnstøytte nord for den vestre raude lykta i Auksundet. Etter grunnstøytinga gjekk mannskapet, med unntak av bestmannen, i ein livbåt og rodde til Småvær for å tilkalle hjelp då radioen om bord var i ustand. Rørvik radio vart kontakta, og redningsskøyta «Halten» kom straks etter til havaristaden. Då redningsskøyta ikkje kunne gjere så mykje, vart bergingsbåten «Parat» tilkalla. Han kom 7. januar, og i middagstida 8. januar vart «Edvard» trekt av grunnen og slept til Vollabukta. Båten var då så knust at det ikkje var meining i å reparere han.