Navigasjon - Bøker

 · Skuter på selfangst  · Bygdebokalbum for Ulstein  · Frå damp til motor  · Tida Flyg  · Fiskedampskip  · Frå segl til damp  · Ishavsskuter III  · Ishavsskuter II  · Ishavsskuter  · Fiskarsoge frå Ulstein

 Venstrepil Framside

Webdesign av Knutsen Info
 

Skuter på selfangst

av Johan Ottesen

Skuter på selfangst - Framside I etterkrigstida rådde optimismen på nytt i selfangstnæringa. Det vart i åra kring 1950 bygt mange store og moderne selfangstskuter. I toppåret 1952 var heile 81 båtar på selfangst. Seinare skulle det gå jamt nedover på grunn av sviktande ressurstilgang og motstand mot selfangst. I dag er det difor berre nokre få skuter som driv selfangst.

Ishavsskutene vart ikkje berre nytta til selfangst, men også til fiske og ekspedisjonar til fjerne farvatn. I denne boka får vi presentert historia til kvar enkelt skute som kom til etter krigen. Boka inneheld også ei framstilling av utviklinga i selfangstnæringa frå 1945 og utover.

”Skuter på selfangst” omtalar desse skutene

ISBN: 978-82-995308-8-0
Pris kr. 298,-

Tida flyg
- Bygdebokalbum for Ulstein

av Johan Ottesen

Tida flyg, Bygdebokalbum for Ulstein - Framside Bli med på ein historisk flytur over Ulstein kommune. Då får du sjå korleis hus og landskap her såg ut for kring 50 år sidan.

Dei over 300 bileta er også knytte til gards- og bruksnummer. Dermed kan boka også brukast som eit illustrert tilleggsband til bygdebøkene som dekkjer kommunen.

ISBN: 978-82-995308-9-7

Pris kr. 348,-

Frå damp til motor

av Johan Ottesen

Fiskedampskip - Framside1920-åra var krisetid i fiskerinæringa. Det vart slutt på fornying av fiskefloten. Men kring 1930 betra tidene seg. Mange av dei gamle fiskedampskipa vart då ombygde, og det kom no fleire store og moderne havfiskebåtar.

Fiske på nye felt – som ved Grønland – kravde båtar med større aksjonsradius. Dieselmotoren kom i staden for dampmaskina. Båtane fekk installert fryserom, og forholda for mannskapa betra seg.

Denne boka følgjer utviklinga frå tidlege fiskedampskip til store dieseldrivne farty. I alt får du historia til 54 havfiskebåtar der hovudvekta er lagt på båtane som kom siste tiåret før krigen.

”Frå damp til motor” omtalar desse båtane

ISBN: 82-995308-7-3
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Tida flyg

av Johan Ottesen

Tida flyg - FramsideBli med på ein historisk flytur over Sunnmøre. På denne ferda vil du få sjå korleis denne landsdelen tok seg ut frå lufta tidlegare.

Frå si store samling med eldre flyfoto har forfattaren Johan Ottesen plukka bortimot 250 bilete som han presenterer i denne boka. Dei fleste fotoa er kring 50 år gamle. Men der er også foto som går heilt attende til pionertida for flyfotografering - til 1920-åra.

Sidan fotoa vart tekne, har det vore store endringar både i bygd og by. Og på denne rundturen innom alle kommunane på Sunnmøre har ein lagd mest vekt på stadene der det har vore dei største endringane framover mot i dag.

ISBN: 82-995308-6-5
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Fiskedampskip

av Johan Ottesen

Fiskedampskip - FramsideI denne boka følgjer vi historia til 40 fiskedampskip fram mot våre dagar. Dei fleste av desse vart bygde under første verdskrigen. Då var det eventyrlege prisar på fiskeprodukt, og nye båtar vart bestilte på rekkje og rad.

Straks krigen var over, fall marknaden saman. Det vart bråstopp i bygginga av nye havfiskebåtar. Dampskip som hadde vore kjøpte til jobbetidsprisar få år før, hamna no på tvangsauksjonar og vart selde for ein slikk og ingenting. I desse vanskelege åra først på 1920-talet vart mange av dei norske fiskedampskipa selde til utlandet – særleg til Island.

På slutten av 1920-åra betra tidene seg. Båtane vart ombygde og gjorde større. Etter andre verdskrigen vart dampmaskinene på dei aller fleste dampskipa skifta ut med motor. Men ut på 1960-talet hadde dei fleste gjort si plikt og vart erstatta av meir moderne havfiskefarty.

”Fiskedampskip” omtalar desse dampbåtane

ISBN: 82-995308-4-9
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Frå segl til damp

av Johan Ottesen

Frå segl til damp - framsidePå slutten av 1800-talet byrja åttringen og bankskøytene å få konkurranse frå dampdrivne fiskefarty. Det skulle ikkje gå mange åra før årar og segl vart erstatta med dampmaskiner og motorar til framdrift av fiskefloten.

Kring år 1900 byrja ei sterk utbygging av dampskipsfloten på Sunnmøre. Ei stund hadde også landsdelen bortimot halvparten av alle dampdrivne fiskebåtar her i landet.

Den nye båttypen kravde meir kapital enn den tradisjonelle fiskarbonden kunne makte. Det vart difor særleg handelsmenn med tilknyting til fiskerinæringa som skulle bli føregangsmenn i overgangen til dampdrift.

I denne boka får vi historia, frå ”vogge til grav”, til 47 av dei båtane som var sentrale i denne store og viktige omlegginga av fiskerinæringa.

”Frå segl til damp” omtalar desse dampbåtane

ISBN: 82-995308-3-0
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Ishavsskuter III

av Johan Ottesen

Ishavsskuter III - Framside ”Ishavsskuter III” fortel historia til fleire av dei mest kjende norske ishavsskutene: ”Veslekari” var i ei årrekkje flaggskuta mellom dei norske selfangarane. Skuta vart sæleg kjend for sine mange ekspedisjonsturar til arktiske farvatn. ”Kvitøy”, under namnet ”Norvegia”, dreiv utforskingsarbeid i Antarktis og var første norske skute som sigla rundt Sørpollandet. ”Polarbjørn”, skuta som alltid kom fram, vil bli hugsa for bergingsaksjonen i Nord-Atlanteren i 1939 og for innsatsen under den andre verdskrigen. Og ”Bratvaag” løyste gåta om kva som hadde hendt med Andrée-ekspedisjonen, som prøvde å nå Nordpolen i 1897.

Også dei andre 21 skutene som denne boka omtalar, har si spesielle historie som gir innsyn i ei næring prega av håp om storfangst, men som ofte enda med forlis og magert utbyte.

”Ishavsskuter III” omtalar desse skutene

ISBN: 82-995308-2-2
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Ishavsskuter II

av Johan Ottesen

Ishavsskuter II Ålesund og Brandal var dei dominerande sentra for selfangstnæringa på Sunnmøre. I byen var det eit sterkare innslag av handelsfolk på eigarsida enn på sunnmørsbygdene. I tillegg valde forretningsmenn frå andre stader i landet å stasjonere skutene sine i Ålesund. Dermed var det fleire ishavsskuter på nordre Sunnmøre enn på søre Sunnmøre dei første tiåra med selfangst.

I ”Ishavsskuter” fekk vi historia til 43 skuter på søre Sunnmøre. I denne boka får vi historia til dei mange skutene som kom til Ålesund og nærliggjande bygder i pioneråra for den sunnmørske selfangsten.

Ishavsskuter II” omtalar i alt 53 selfangstskuter frå sjøsetjing til dei går ut av drift. Og dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis på fangstfeltet.

”Ishavsskuter II” omtalar desse skutene

ISBN: 82-995308-1-4
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Ishavsskuter

av Johan Ottesen

Ishavsskuter I 1898 gjekk tre små sunnmørsskuter på selfangst. Det skulle bli starten på ei næring som skulle få mykje å seie for søre Sunnmøre. Brandal vart den dominerande ishavsbygda, men det kom også mange skuter frå Vartdal, Hjørungavåg, Tjørvåg og Remøya.
Boka 'Ishavsskuter' omtalar selfangstskutene som gjekk ut frå desse bygdene før 1920. Første tida var det fiskebåtar ein nytta til selfangst. Seinare fekk ein spesialbygde farty som kunne kome seg lenger inn i isen, og som tolte betre dei vanskelege forholda fangstfolka måtte arbeide under.
Denne boka omtalar historia til 43 ishavsfarty frå 'vogge til grav'. Ho gir dermed innblikk i endringane som har skjedd i denne næringa, særleg frå den første pionertida og fram til etableringa av ein stor og moderne fangstflote.

Boka er på 141 sider og har over 100 båtbilete. Utgitt 1999

”Ishavsskuter” omtalar desse skutene

ISBN: 82-995308-0-6
Pris kr. 298,-

Pil opp Til toppen

Fiskarsoge frå Ulstein

av Johan Ottesen

FiskarsogeJubileumsbok for Ulstein fiskarlag der ein skildrar utviklinga i fisket i Ulstein frå slutten av 1800-talet. Boka har kort omtale av fiskebåtane som høyrde heime i kommunen frå ca. 1880 og fram til midten av 1950-talet, i alt kring 350 båtar.

Boka er på 86 sider og er rikt illustrert. Utgitt 1987

ISBN: 82-991621-0-6
Pris kr. 150,-

  Navigasjon Navigasjon - Fotokatalog Navigasjon - Historisk Flytur Navigasjon - Artiklar
Johan Ottesen historisk fotoarkiv og forlag
post@flyfotoarkivet.no, Telefon: 70 01 03 13, Mobil: 905 03 959, 6065 Ulsteinvik