Navigasjon - Artiklar

 · Jomsvikingslaget  · Jomsvikingtekster  · Hareidlandet  · Nerøya  · Urd II (Tafjordskøyta)  · Telemark Flyselskap  · K. Harstad kunstforlag

 Venstrepil Framside

Webdesign av Knutsen Info
 

Merknad: I denne artikkelen blir bokstaven o med kvist skrive ö.

Stod jomsvikingslaget ved Eiksund?

I 1986 vart det reist eit minnesmerke på Ovraneset i Hareid kommune. Det skal fortelje at for tusen år sidan stod eit stort sjøslag i Hjörungavágr på Sunnmøre.

Striden stod mellom ein norsk hær som ville forsvare landet mot dei utanlandske inntrengjarane, som var jomsvikingane. Mange fall, og Jomsvikingdråpa fortel at etter slaget så drog straumen daude folk i sunda mellom øyane. Men kvar finn vi desse straumfulle sunda og desse øyane? Kan dei liggje i området mellom Hareidlandet, Eika/Måløya og Gurskøya?

Illustrasjonar til artikkelen finn du her.

Dei ulike sogene om slaget i Hjörungavágr gir oss visse haldepunkt om slagstaden. Kjeldene, som i hovudsak er ulike versjonar av Jomsvikingsoga og Flateyarboka, er skrivne på Island. I tillegg finn vi også opplysningar i Heimskringla og Fagrskinna.

Nokre av stadnamna i kjeldene eksisterer ikkje som namn på lokalitetar i dag. Det gjer det vanskeleg å plassere slagstaden. Det skaper vidare problem at opplysningane kan variere i dei ymse utgåvene. Så langt har det ikkje lukkast å finne nokon plass der alt høver. Dermed har vi gjennom åra fått teoriar som seier at slaget stod i Ulsteinfjorden, Liavågen, Aspevågen, Flisvågen, Hjørundfjorden og Ørstafjorden. Og her kjem nok ein teori – slaget stod i vågen ved sørenden av øya Hareidlandet.

Med unntak av ein teori som meiner slaget stod i Ulsteinfjorden, byggjer dei andre teoriane på sogene som seier at jomsvikingane sigla forbi Ulstein, nordom øya Höð (i dag Hareidlandet) og vidare til innom øya. Men kvar er innom? Då er det slutt på semja. Nokre tolkar innom som austover/nordover. Dei plasserer slaget på Aspevågen eller ved Flisneset. Andre igjen vil ha det til at hærane møttest i Hjørundfjorden.

VURDERING AV KJELDENE

Dei eldste kjeldene vi har om Jomsvikingslaget stammar frå kring år 1200. Sjølv om vi i dag har fleire versjonar, er det likevel mogleg at dei byggjer på ei tidlegare jomsvikingsoge som no er bortkomen. Variasjonane mellom dei eksisterande kjeldene kan då skrive seg frå endringar som avskrivarane har gjort. I utgangspunktet vil det vere mest rimeleg å leggje mest vekt på dei eldste tekstene. Men stundom kan ei nyare utgåve vere mest korrekt dersom skrivaren har hatt andre kjelder som er pålitelege.

Men når ei utgåve er lite objektiv i utgangspunktet, kan seinare avskrivarar prøve å dreie framstillinga i retning av meir objektivitet. Av denne grunn meiner eg det kan vere vel så rimeleg at når det kom ein nyare versjon av Fagrskinna, som ein meiner er skriven i Noreg, så har Eltrane blitt bytt ut til inne ved ”Almunnd hamrum” (Almehamrane). Desse hamrane er venteleg det høge og bratte fjellpartiet mellom Alme og Eiksund.

Ei gjennomlesing av dei ulike versjonane gir oss elles ein del motstridande opplysningar. Vi ser til dømes at talet på norske skip varierer frå 180 til 360. Om eitt av desse tala er rettare enn det andre, er vanskeleg å avgjere. Kanskje fortel tala berre at der var mange skip. Sogene er også svært livfulle og detaljerte i si framstilling av slaget. Mange har meint at svært mykje er rein dikting. Så spørst det om detaljane når det gjeld plasseringa og karakteristikkar ved slagstaden er å lite på, eller kan også der vere moment som er dikta til?

DEI ULIKE TEORIANE

Så langt har dei fleste akseptert Liavågen på Hareidlandet som slagstaden. Men mange har problem med å godta dette ut frå skildringane i dei gamle kjeldene. Enkelte har hevda at det ligg på grensa til historieforfalsking å plassere slaget der. Grunngjevinga for å godta Liavågen kan vere skiftande. Somme meiner å finne belegg i stadnamna som i dag vert skrivne Hjørungneset og Hjørungdalen. Det vert hevda at desse namna skal ha kome frå at Liavågen tidlegare skulle ha heitt Hjörungavágr. Andre igjen har ikkje funne alternative slagstader som peikar seg ut. Slaget stod i alle fall ein eller annan stad i nærleiken av øya Höð, og då kan ein like godt samlast om Liavågen i mangel på gode alternativ.

For få år sidan kom ei utgreiing som plasserer slaget i Ørstafjorden. Etter denne teorien kan namnet Ørsta kunne kome av det norrøne ordet orrosta, som tyder slag/strid. Teorien byggjer elles på at bautasteinane som står på Steinnes er dei historiske Hjörungar.

Teorien om slag i Ulsteinfjorden seier at Höð er øya Dimna. Kampen skulle ha byrja på Lyngnesvika nær Ulsteinvik sentrum. Under slaget skulle hærane ha drive ut i Ulsteinfjorden. Hjörungar skal vere nokre formasjonar på Dimnafjella. Og staden der Håkon jarl ofra sonen sin, skal vere Hovset.

Teorien om Hjørundfjorden er sagt å kome frå ei eldre feilomsetjing – der ein har omsett våg og fjord til same ord latinske ord. Og dermed konkluderte presten Jonas Ramus tidleg på 1700-talet at slaget stod i Jørgenfjord (i dag skrive Hjørundfjorden). Men likevel hevdar enkelte at der er ein gammal munnleg tradisjon om at hærane møttest der.

Dersom teoriane om Aspevågen og Flisvågen kunne ha noko for seg, måtte tradisjonen om kvar slaget stod, ha vore broten allereie tidleg på 1200-talet. Det verkar lite rimeleg. Snorre fortel i soga om Olav den heilage at kongen før han forlet skipa sine før ferda til Russland så låg han i Steinvågen. Derifrå rømde han vidare gjennom Vegsundet, og dermed også gjennom Flisvågen, og til Valldalen.

I fall Hjörungavágr skulle vere identisk med Aspevågen eller Flisvågen, ville det såleis vere mest naturleg for Snorre å peike på Steinvågen eller andre stadnamn nær Flisvågen, slik som Vegsundet, då han skulle lokalisere kvar jomsvikingslaget stod sidan dette er namn han elles brukar. I staden knyter han Hjörungavágr-namnet til øya Höð.

FAGRSKINNA

Hovudkjelda til dei som vil plassere jomsvikingslaget bort frå Höð, er nokre linjer i Fagrskinna.

Johan Schreiner, som har omsett Fagrskinna, seier at forfattaren av denne historieboka ikkje strevar etter å vere objektiv, slik som Snorre og andre historieskrivarar. Omsetjaren seier at Fagrskinna har ei folkeleg framstilling, som til dels er prega av vondskap og humor.

Med eit slikt kjeldekritisk utgangspunkt bør vi lese litt av Schreiner si omsetjing. Vi startar under strandhogget på Höð. Jomsvikingane hadde der, truleg på Ulsteinsida, teke buskapen til ein bonde. Men bonden sa til Bue Digre at jomsvikingane heller burde jakte på større fangst:

”Da svarte Bue: ”Si oss, bonde, gode og sanne tidender som vi trenger, og vi skal lønne deg vel for det.” Da svarte bonden: ”Om dere vil lønne meg eller ikke, så kan jeg si dere om Håkon jarl at han ligger inne ved Elfter; jeg vet ikke om han har ett skip eller to, men ikke er det flere enn tre; i dag var han ikke rodd nord til sin hær, og vi tror han må være feig mann, siden han farer så uvarlig; han har sikkert ikke spurt noe til dere, for ellers for han ikke slik.” Da sa Bue til sine menn: ”La oss komme fort ned til skipene og være nærmest til seiren og nytte det vi har fått nyss om først”. Den løp mest som var den raskeste, men bonden drev kveget tilbake inn over øya.”

Men bonden gir ikkje sanne tidender. Han serverer lygner frå ende til annan. Dei lettlurte jomsvikingane bit på og styrtar av stad. I staden for å møte maksimum tre skip som skulle vere uvitande om invasjonshæren, slik bonden fortel, møtte jomsvikingane minst halvt anna hundre skip som var budde til strid.

Men dessverre er det ikkje berre jomsvikingane som har bite på dei villeiande opplysningane frå bonden. Også dei som vil plassere slaget nordafor Eltrane (Elfter) har gått på same limpinnen.

HADARVÅGEN/HAEDVÅGEN

I Heimskringla får vi fortalt at Håkon og Eirik jarl før slaget låg i Hallkjellsvik, og at nordmennene rodde sørafrå der på leit etter jomsvikingane som skulle ha rodd innom øya Höð. Ein naturleg møteplass kunne såleis vere Eiksundområdet som ligg rett ved munningen av Voldsfjorden.

På Hareidlandet har vi i dag fire gardsnamn som har samanheng med Höð, som er det gamle namnet på øya. Genetiv av Höð er hadar. Dermed har vi fått Hareid frå Haðareid. Namneformene for gardsnamna Hasund og Haddal kan indikere at dei kjem frå ei stammeform av Höð-namnet, seier Oddvar Nes i artikkelen "Nokre gamle øynamn på Sunnmøre". Gardsnamnet Havåg kjem også mest truleg frå denne stammeforma - Haed, men kan også kome frå genitivforma Haðarvágr. Ein grannegard der er Selvåg.

Vi har fleire vågar langs Höð. Er det tilfeldig at ein av dei, Havåg, har fått øynamnet knytt til seg? Kan denne tilknytinga vise til at denne vågen tidlegare har vore sett på som den sentrale når ein skal peike ut ein våg ved Hareidlandet? Og er det fordi jomsvikingslaget stod her at vågen fekk denne særstillinga?

KVAR ER VÅGEN?

Innleiingsvis må det nemnast at himmelretningar etter kompasen ikkje alltid samsvarar heilt med slik retningane blir omtala til dagleg. Langs kysten vil ein som oftast bruke nord – sør, sjølv om retninga langs delar av sunnmørskysten kan liggje nær opp til aust – vest. Ein ulsteining vil seie nord til Hareid, sjølv om kompasen viser helst austover. Nordom øya vil ikkje vere utfor Flø, men heller øysida frå Kvitneset til Liavågen.

Kjem ein sørafrå, svingar til styrbord og vel indre lei innover fjorden ved Åram, vil ein seie at dette skipet går nordover sjølv om kompasretninga innom Gurskøya er temmeleg rett aust. Dersom skipet går vidare inn gjennom Vartdalsfjorden, dreier kompasretninga mot nordaust. Men også her vil ein seie at ein siglar mot nord. På grunn av at nord/sør blir definert etter fjordløpet, så kallar ein også straumen mellom Eika og Måløya for Nøre Måløystraumen, sjølv om sørlegaste delen av Eika og denne straumen ligg temmeleg rett austafor Måløya.

Kva fortel så kjeldene som kan gjere det mogleg å lokalisere slagstaden?

Ein sogeversjon fortel at jomsvikingane først fór nordom Höð for deretter å fare innom øya og ”til vika nord ved øyenden, der det heiter Hjörungavágr."

Til ei viss grad kan forma på øya Höð samanliknast med eit hovud. ”Skallen” er ytre del av øya. Øya smalnar av inn mot Eiksund, der halsen blir kutta tvers av og dannar øyenden. Øyenden, som Hjörungavágr skal liggje attved, strekkjer seg då frå Orstøneset (ferjeleiet) til Aursneset (også uttala Orsneset), som er vestlegaste spissen. Hjörungavágr blir då vågen mellom Hareidlandet på eine sida og Eika/Måløya på den andre.

NAMNET HJÖRUNGAVÁGR

Namnet som dei gamle kjeldene brukar på slagstaden er Hjörungavágr. Namnet Hjörungavágr finn vi ikkje att i nyare skriftlege kjelder og heller ikkje i munnleg tradisjon.

Dagens Hjørungavåg er eit nyskapt namn. Det vart konstruert for vel hundre år sidan, i 1897, som namn på ein poststad. Namnet vart plassert der ut frå at nokre trudde at slagstaden kunne vere Liavågen. Som støtte for denne teorien vert det ofte peika på stadnamna som vert uttala Jørdalen og Jørneset. Desse namna, som i seinare tid har hatt skriftformer som Hjørungdalen og Hjørungneset, har tidlegare hatt skriftformer som kan minne om eldre skriveformer av Hjørundfjord (Jørgenfjord).

Gjennom jomsvikingsoger får vi fortalt at namnet Hjörungavágr skriv seg frå tre steinar som heiter Hjörungar. Nokre utgåver plasserer steinane ute på vågen, andre igjen seier ikkje om dei står i sjøen eller på land. Laurents Hanssøn brukar i si omsetjing av ei jomsvikingsoge namnet Hiarunder om desse tre formasjonane. Han seier dei er skjer som ein kan fare mellom på veg inn i vågen. ”Norske gaardnavne” meiner at namnet Hjörungar kan vere avleidd av hjörr, som tyder sverd. Namnet vert der sagt å kunne kome frå at steinane liknar eit sverd. Andre igjen har knytt sverdtolkinga til at vågen er smal og lang. Han skal ha form som bladet på eit sverd.

Andre, som også held på at førstelekken kan tyde sverd, meiner at Hjörungavágr ikkje har eksistert som namn på ein lokalitet. Dei meiner at namnet på slagstaden er oppdikta av sogeskrivarane. Hjörungavágr tyder såleis berre vågen der sverda vart svinga. Ut frå denne teorien vil det såleis vere likegyldig om ein finn hjörr i eit tilsvarande namn på Island eller som lekkar i nærliggjande stadnamn.

Eva Nyman har i avhandlinga si "Nordiska ortnamn på -und" sagt at fjordnamnet Hjørund/ Harund mest truleg tyder "den steniga, den bergiga". Vi har her eit grunnord med suffikset -und. Førstelekken hjør (har) viser til stein/berg. Denne tydinga av hjør (har) var kjent for sogeskrivarane. Det gjev oss forklaringa på kvifor dei seier at vågen har fått namn etter steinane der. Namnet Hjørungavåg tydde for dei vågen med steinane - eller den steinute vågen. Og ein slik våg eksisterer den dag i dag - ved øyenden på Hareidlandet.

KORLEIS SER VÅGEN UT?

Nokre sogeversjonar seier at den eine av dei tre Hjörung-steinane skal vere større enn dei to hine. Er dette oppreiste steinar som til dømes bautasteinar, eller er det naturformasjonar som ein har nytta nemninga på? Når ein i dag brukar stein som namn på fluder, holmar og fjell, viser dette som regel til at dei er heller høge og avrunda. Dersom skriftene hadde peikt på fluder (som Ovrafludene) eller lange og låge skjer ville ein helst ha nytta å liggje i staden for å stande.

Hjörungar, steinane som skulle ha gjeve namn til vågen, har av tilhengarar av Liavåg-teorien vore knytt til Ovrafludene. Men desse låge fludene ligg eit stykke frå Liavågen og ikkje ved/på vågen slik sogene fortel.

Men kan det i nokon annan våg stå tre steinar som høver på denne skildringa? Dersom ein kjem siglande inn på søraustsida av Hareidlandet og skal inn til den gamle slagstaden, vil ein mellom garden Sunde på Eika og Hareidlandet passere fleire små holmar som kløyver straumen i sundet. Den formasjonen som ligg nærast midten av sundet inn til vågen er Langholmen, Kubbeteholmen og Smeltholmen. I dag går den nye Eiksundbrua over ved desse holmane. Og sjølv om desse holmane er heller små, og var endå mindre for 1000 år sidan på grunn av landhevinga, så er det likevel meir truleg at desse skulle ha gitt namn til ein våg enn dei to, og ikkje tre, undervasskjera nordafor Liavågen. Det kan her opplysast at David N. Simpson har kalkulert landhevinga i Liavågområdet til å vere kring 76 cm det siste tusenåret, medan landhevinga i Eiksundområdet har vore kring 67 cm i same tidsromet.

Den islandske stadnamngranskaren Þórallur Vilmundarson har funne namnet Hjörungar på tre små klettar på sørsida av Breidafjorden på Island. Dei ligg mellom fleire andre grynner i det ureine sundet mellom Akureyjar og fastlandet ved Bjarnarhöfn. Desse steinformasjonane, som dannar ein trekant, er jamlike. Avstanden mellom dei er kring 20 meter, og kvar har eit tverrmål på kring 1 meter. Høgda på dei er ei knapp mannshøgd, og dei er overflødde ved høgvatn. Vilmundarson meiner at namnet Hjörungar ikkje har kome frå lesing av jomsvikingsogene på Island, men at landnåmsfolk kan ha teke med seg innhaldet i namnet frå Noreg. Han viser til at dei første som busette seg i dette området på Island, kom frå Romsdal.

Vilmundarson stiller – etter ei jamføring av Ovrafludene med Hjörungar på Island – spørsmålet om namnet kan kome frå hjörr og tyde blindskjer eller steinar som kan gjennomhole ein båt på same måten som eit sverd.

Etter mi meining vil dei små holmane i det tronge og ureine farvatnet mellom Eika og Hareidlandet, minne langt meir om forholda kring Hjörungar-namnet på Island enn Ovrafludene.

Elles har Oddvar Nes i ein artikkel om namnet Hjørungavåg reist spørsmålet - kan Hjørungavåg-namnet ha kome motsett veg av det Vilmundarson hevdar? Har dei islandske sogeskrivarar teke utgangspunkt i formasjonane og namnet i Breidafjorden og ført det over på slagstaden i Noreg?

I nokre sogeversjonar kan vi vidare lese at midt i vågen står eit skjer med like stor avstand til land og til vågsbotnen. Eit slikt skjer finn ein ikkje i Liavågen, derimot vil Kubbeteholmen ute på Selvågdjupet kunne samsvare betre med kjeldene. Vi kan her vere merksame på at for tusen år sidan ville denne holmen ha lege lågare i høve til sjøflata på grunn av seinare landheving.

Tilhengarane av Liavåg-teorien må også ta omsyn til landhevinga som seinare har gjort Ovrafludene endå meir markerte enn dei var då slaget stod. Og kvar er det heller store skjeret som overlevande jomsvikingar søkte tilflukt på etter slaget i fall det stod i Liavågen?

Kjeldene seier vidare at Hjörungavágr botnar mot aust og munnar mot vest. Himmelretningane i Liavågen er dei motsette, medan dei høver på vågen mellom Hareidlandet og Eika/Måløya. Han smalnar inn, botnar mot aust, og vidnar seg mot vest.

Vi må her også leggje vekt på at i den eldste jomsvikingsoga får vi vite at Hjörungavágr ligg nær ved øya (stutt frå). Det er såleis ikkje tale om ein våg som skjer seg inn i øya (slik som Liavågen), men derimot ein våg som ligg på sida av øya og som blir skapt av at tilgrensande øyar, holmar og skjer lagar eit innelukka sjøstykke, slik som her i Eiksundområdet.

PRIMSIGND/PRIMSIGÐ

I sogene finn vi også andre namn som er vanskelege å plassere i dag. Vi har allereie vore innom dei ulike alternativa for Hjörungavágr. Andre namn som har valda vanskar er Hjörund og Primsignd/Primsigð.

Når det gjeld Primsignd/Primsigð så vert det fortalt at Håkon jarl under slaget skulle ha fare til denne øya, der det voks mykje skog, og inn i skogen der. Her ofra han sonen sin, Erling. Ei kjelde seier at han gjekk i land på nørdste delen av denne øya.

Namnet på denne øya har også vore ulikt skrive i kjeldene. Skriveforma Primsignd peikar på eit latinsk opphav. Prima signatio tyder første signing, å merke med krossteiknet, i kristen tradisjon. Primsignd kan såleis sikte til ei slags første signing som har gått føre seg på denne øya, eller at det er ei øy som er merka med krossteiknet. Derimot har namnet Primsigð vorte tolka til å tyde nymånesigden. Ut frå denne tolkinga meiner ein at øya kan ha eit skap som minner om ein sigd.

Kvar ligg så Primsignd/Primsigð?

Kjeldene spriker når det gjeld plasseringa av Primsignd/Primsigð i høve til Hjörungavágr. Dei norrøne kjeldene seier at øya ligg "firir nordann" eller "firir ouginn nordr". Derimot seier Laurents Hanssøn at Håkon jarl for til øya Primsigd, som er "harrt hoss". Harrt=hård blir i gammalt språk brukt for å "udtrykke en høj grad af nærhed (i tid ell. sted)" i følgje "Ordbog over det danske sprog".

I Norske gaardnavne har Oluf Rygh har vore inne på at austlegaste delen av Sula (aust for Solavågen) kan ha heitt Veig. Her finn vi mellom anna gardane Vegsund og Veibust. I bygdesoga for Ulstein og Hareid, som held seg til Liavåg-teorien, har ein tolka Primsignd til å vere dette området lengst aust på Sula. Dit verkar det å vere ein heller lang veg å ro for jarlen i fall slaget stod i Liavågen. Bygdesoga knyter si Primsignd-tolking til at veig skal tyde å vie, signe. Men Rygh set ikkje veig i samanheng med vigsel, men derimot med veig i tydinga sterk drikk. Andre igjen har lokalisert namneopphavet til ei vidkjend kjelde med lækjande vatn ved Vegsundet.

I Megaard sin Aspevåg-teori er Primsignd tolka til å vere Vigra. Han set også Primsignd-namnet i samanheng med å vie, signe, sjølv om det lydmessig er sagt å vere problematisk å knyte Vigra til ordet å vie. Også her tykkjer eg avstanden frå Aspevågen til Vigra er for lang. Kvifor skulle Håkon jarl ro forbi Aspøya/Nørvøya, vidare forbi Valderøya og heilt ut til ein skog på Vigra for å utføre eit ærend?

Av dei fire eksisterande norrøne jomsvikingutgåver brukar to Primsigð og to Primsignd. I fall Primsignd/Primsigð skulle vere ei stor øy nær leia på ytre Sunnmøre, slik som Vigra og Sula, ville eg finne det naturleg at sogeskrivarane nytta dei gamle norske namna som då ville vere vide kjende. Derimot ville det på Island vere vanskelegare å ha kunnskap om småøyar lenger inn frå kysten. Så i staden for å døype om store sunnmørsøyar gjennom omsetjing til latin og eventuelt tilbake til norrønt, finn eg det rimelegare at øya Primsignd/Primsigð kunne ha vore så lita at sogeskrivarane kanskje ikkje visste det norske namnet. Dermed er det mogleg at dei gav øya eit namn som vi har problem med å forstå i dag. Ei lita skogkledd øy ved slagstaden innom Hareidlandet kan vere Eika. Eika er det einaste usamansette øynamnet på Sunnmøre med namn etter ein tresort, eik (quercus). Denne øya ligg så nær at det kunne vere rimeleg at ein søkte dit i ei pause i slaget.

Det er elles verdt å merke seg at kjeldene legg vekt på at det veks mykje skog (mork mikil, skogur mikill) Primsignd/Primsigð. Det kan indikere at øynamnet eller det som karakteriserte øya, var kjent for sogeskrivarane, men at nemninga Primsignd/Primsigð vart nytta ut frå hendingar i samband med slaget.

Den einaste kjelda som kan fortelje at det har gått føre seg ei handling, ei signing på Eika, er jomsvikingsogene som fortel at Håkon jarl ofra den unge guten sin Erling på Primsignd. Primsigning var ofte eit første steg på vegen fram mot dåp i den første kristne tida. Ei gruppe som er sagt ofte å satse på primsigning, var handelsfolk. Elles vart barn som ein var redd for ikkje skulle leve opp, primsigna. Den som var primsigna kunne ta del i både i tradisjonane knytt til den gamle gudelæra og til kristendomen. Ordet signing treng ikkje berre å vere knytt til kristen tradisjon. Ein brukte signe også før innføringa av kristendomen. Ei heidensk signing var å innvie til ein av gudane i den gamle gudelæra. I staden for å legge eit barn fram til primsigning, la Håkon jarl sonen sin Erling framfor Torgjerd Holgabrur.

Elles er det einast stadnamnet Alteret som kan minne om religiøst opphav på Eika i dag. Det er ein fjellformasjon som går beint opp frå sjøen ved leia nordafor Yksnøya, og namnet skriv seg frå ei samanlikning med eit alter i ei kyrkje.

I fall ein tolkar Primsigd til nymånesigd, slik Didrik Arup Seip har gjort, kan det vere mogeleg å finne avrunda terrengformasjonar på mange øyar alt etter kva synsvinkel ein vel å bruke. Men merkeleg nok repeterer tilhengarane av Liavågteorien at Sula må vere Primsigð. Den tradisjonelle forklaringa på namnet Sula har vore at øya har ein todelt formasjon. Eg synest ikkje det minner mykje om ein krumma nymåne. Derimot vil Eika med Vassnakken som høgste punkt, ha ein langt meir avrunda formasjon.

Men kan Primsigð også tolkast på andre måtar?

HJÖRUND

I teorien som legg jomsvikingslaget til Liavågen, er Hjörund tolka til å vere Vartdalsstranda. Teorien som vil plassere kampstaden til Flisvågen, presenterer så vidt eg veit ikkje noko løysing på problematikken kring Hjörund/ Primsignd/Primsigð. Teorien byggjer på at Flisvågen kan vere ein naturleg plass å leggje eit slag innanfor Eltrane.

John Megaard meiner at namneproblema Hjörund og Primsignd/Primsigð kan skrive seg frå at dei norrøne stadnamna i sogene først har vorte omsette til latin, for så seinare igjen å bli omsette frå latin til islandsk. Under denne omsetjingsprosessen har nokre stadnamn fått att si norrøne form, medan andre har fått namneformer som i skrift skil seg sterkt frå det opphavlege namnet, sjølv om dei innhaldsmessig kan liggje nært.

Som døme på ei slik omforming har Megård meint at Hjörund er sistelekken i eit slikt namneskifte. Det norske namnet har heile tida vore Sula. Hjörund vert sagt å vere det norrøne ordet hörund, som skal tyde kjøt eller hud. Hjörund har ofte vore brukt i religiøs samanheng når ein skal syne til meir lekamlege lyster. Somme har også meint det står for penis. Dermed skulle Sula, som sogeskrivarar hadde tolka til å tyde ein stolpe, i første omgang fått ei latinsk form for penis. Då namnet skulle omformast tilbake til norrønt, vart det Hjörund/Hörund.

Gjennom ein tilsvarande omsetjingsprosess skulle Vigra ha blitt til det latinske namnet Primsignd i Aspevåg-teorien. Men av ein eller annan grunn har denne prosessen ikkje blitt fullført vidare til norrønt igjen.

I staden for å godta konstruksjonen Hjörund, som eit nyskapt namn av sogeomsetjarar for knappe tusen år sidan slik Megård hevdar, finn eg det langt meir rimeleg å gå ut frå at Hjörund er eitt av dei mange svært gamle stadnamna som endar på -und.

Vi har kring 200 nordiske namn som stadnamnspesialistane seier kan ha ei slik ending. Denne und-endinga synest å ha vore brukt både i øynamn, fjordnamn, bygdenamn, innsjønamn og elvenamn. Den mest kjende samansetjinga innafor denne gruppa er Borgund-namna. Dei som ligg nærast vårt område er Borgund (i Ålesund) og Borgund/Borgundvåg på Stadlandet. Ei mindre gruppe er harund/hörund. Eva Nyman meiner at denne samansetjinga kan liggje til grunn for Harestad (Sverige), Harundan (Sverige), Harndrup (Danmark), Hårrenna (Hedmark), Horunda (Sør-Trøndelag) og Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Stadnamngranskarane går ut frå at Hjörundarfjörðr, Harundarfjörðr, Haurundarfjörðr er tidlegare skriveformer for det som i dag vert kalla Hjørundfjorden. Dei meiner vidare at Hjörund/Harund opphavleg kan vere eit gammalt fjordnamn. Hjörund har vore tolka på ulikt vis av stadnamngranskarar. Tolkingsframlegga varierer frå ”den steniga”, ”den bergiga”, fjorden med spisse bergtoppar (horn) og elles til horund i tydinga kjøt, penis.

Det er ikkje uvanleg at endinga fjord blir lagt til eit tidlegare usamansett fjordnamn. Som døme på dette kan vi nemne det gamle fjordnamnet Sikkiflir som i dag vert sagt Sykkylvsfjorden. På same måte kan Hjørundfjord vere ei nyare form av fjordnamnet Hjörund, men det kan også kome av landskapsnamnet Hjörund.

Gamle fjordnamn kan gå over til å vere namn på landskapet rundt fjorden. Eit døme på det er Sogn som i dag er eit landskapsnamn. Men opphavleg heitte Sognefjorden berre Sogn. Eit anna tilsvarande døme er Hardanger og Hardangerfjord. I andre tilfelle kan den gamle fjordnamnet gå tapt og bli erstatta av eit nytt, men då kan ein stundom finne bod om fjordnamnet i eit stadnamn ved fjorden. Ein har meint at Fold er eit tidlegare namn på Oslofjorden. Etter at fjordnamnet Fold vart fortrengt, finn ein likevel spor av det i landskapsnamnet Follo i Akershus.

I jomsvikingsogene skil ein tydeleg mellom Hjörund og Hjørundfjord (Hjörundarfjörðr). I fall Hjörund er brukt som fjordnamn i desse sogene, kan det vere eit eldre namn på fjordleia frå Åram og vidare innom Gurskøya og Hareidlandet.

Kjeldene som seier at Hjörund ligg sørafor vågen, utelet ikkje Hjörund som fjordnamn. Men sogeversjonane som kallar Hjörund ei øy eller plasserer det på sørsida av fjorden, føreset at Hjörund er namn på eit landområde. Det kan vere ei øy. Men det kan også vere heile landskapet som ligg langs fjorden eller berre ein del av dette landskapet slik som Vartdalstranda eller halvøya mellom Voldsfjorden og Hjørundfjorden. Jamfør her med landskapsnamnet Sogn og landskapsnamnet Follo.

Ut frå opphavet av namnet Hjörund har landskapsnamnet Hjörund mest truleg festa seg ved alpelandskapet sørafor fjorden Hjörund. Fjordnamnet forsvinn og blir erstatta av nye namn som Vartdalsfjorden og Rovdefjorden. Ut frå landskapsnamnet Hjörund blir så Hjørundfjord-namnet danna seinare. Det kan også ha vore ein viss ambivalens i namnebruken Hjørundfjord før det festna seg på fjorden inn til Bjørke, kanskje då på grunn av den administrative inndelinga i skipreider. Vi kan også her nemne at denne ambivalensen, mellom det som eg kallar fjorden Hjörund og Hjørundfjorden, kan liggje til grunn når Snorre siterer at Håkon jarl har reist inn i Hjörundarfjörðr og deretter fortel Snorre at jarlen ligg i Hallkjellsvik i Volda.

Men kan vi finne spor av det tidlegare fjordnamnet Hjörund som namn ved indre lei? På austspissen av Hareidlandet finn vi eit namn som vert uttala Jørneset, også skrive Hjørungneset i dag. Dette namnet kan ha samanheng med at fjorden Hjörund gjekk innanfor. Eit stykke frå finn vi også gardsnamnet Hjørungdal (uttale Jørdalen).

Vågen ved fjorden Hjörund vil såleis kunne vere sjøstykket som ligg mellom Gurskøya, Hareidlandet og Eika/Måløya. Etter mi meining er det mogleg å gå ut frå at Hjörund-namnet kan liggje til grunn for vågsnamnet. Den mest korrekte skrivemåten av namnet ville i så fall vere Hjörundarvåg. Førstelekken har då ikkje noko med sverd å gjere, men fortel om tilknytinga til namnet Hjörund. Det gamle namnet Hjörundarfjörðr blir i dag uttala Hjørungfjord. Ö-en (O med kvist) i hjör blir uttala ø, og d-en i und blir uttala g. Legg vi same lydutvikinga til grunn for Hjörundarvágr, skulle uttalen mest truleg bli Hjørungvåg om namnet hadde levd fram til i dag.

Jamfør her at Laurents Hanssøn som midt på 1500-talet omsette eit bortkome skrift, brukar namnet Hiarundowogin (Hiarunda wogh), altså und-suffiks og ikkje ung-suffiks. Han brukar ikkje nemninga stein om Hjörungar (Hiarunder som han kallar dei), men seier at Hiarunder er skjer som ein kan fare mellom på veg inn i vågen.

(Hjør)ungar har vore oppfatta som ei fleirtalsform. Steinane, som skulle ha gjeve namn til vågen, er heller små. Dei har dermed kunne vorte oppfatta som ”steinungar” ut frå ung-uttalen. Ut frå dette har ein i skrift fått ei korrekt bøyingsform i fleirtal: Hjörungavágr.

Alternativt kan ein gå ut frå at namnet på steinane ikkje er eit und-suffiks, men eit ung-suffiks slik namnet er skrive i dei fleste kjelder. Også i dette tilfellet vil tydingsinnhaldet bli det same. Hjörungavág vil også tyde vågen med steinane - eller den steinute vågen. Ei tolking kan også vere vågen med småtoppane.

Elles må det også vere mogleg å stille spørsmål om kor bokstaveleg ein skal ta talet tre? Kan dette berre vere ei episk form for mange?

Indre lei i motsetning til ytre lei er prega av fjell som går rett i sjøen på begge sider. Leia er fri for holmar og skjer. Unntaket er dette sjøstykket ved øyenden på Hareidlandet der ein ved sida av leia finn ei mengd holmar og skjer som denne vågen kan kjennast att på. Her har ein også tre mindre øyar: Måløya, Yksnøya og Eika (som den største).

SAMLINGSSTADEN FØR SLAGET

Ved vågen ligg også Måløya. Ei tolking av namnet Måløya er at førstelekken, mål, viser til at øya har vore rådleggjingsstad eller tingstad ein gong i tida. Som støtte for ein slik teori har Per Fett synt til at i Båtsvika, som ligg nær ved på Gurskøya, har ein funne tuftene etter eit stort leidangsnaust.

Då meldingane om jomsvikingane sine herjingar lenger sør langs kysten nådde Håkon jarl, bad han både vener og uvener om å gå i lag for å kjempe mot inntrengjarane. Det vart avtala at nordmennene skulle møtast under øya Höð. Der la dei skipa inn i ein våg, som heiter Hjörungavágr, og la opp råd i lag, fortel jomsvikingsoga som elles nemner at mange av dei norske skipa var heller små.

I Hanssøn si omsetjing heiter det at jarlane forlet Skuggen etter å ha avtala å møtast ved øya Hawud (Höð).

Jomsvikingsoga vil ha det til at slaget skulle ha stått midtvinters. Ein kan med god grunn tvile på om dette er rett. Men både då og elles i året ville det vere naturleg å finne ein samlingsstad som var skjerma mot vind og vêr slik som her ved indre lei mellom Gurskøya og Hareidlandet. For den norske leidangshæren med skip, som gjennomgåande var mindre enn skipa til dei profesjonelle motstandarane, måtte det vere ein stor føremonn å kjempe i heller smult og ikkje minst ureint farvatn, der jomsvikingane ikkje var kjende, framfor på opne fjordstykke slik som til dømes i Breisundet.

STRATEGISK PLASSERING

Tilhengarar av Liavåg-teorien har peika på at denne tronge vågen er ein framifrå gøymeplass for den som vil kome uventa på ein fiende, eller som samlingsplass ved mobilisering. Vågen vil liggje strategisk til både om jomsvikingane skulle velje leia nordom Höð eller sør om Höð, gjennom Rovdefjorden. Men dei vedgår samstundes at vågen truleg er for smal til at slaget kunne ha stått der. Som oftast plasserer difor Liavåg-tilhengarane slagstaden på fjorden utanfor vågen sjølv om sogene seier at slaget stod inne på vågen.

Eiksundområdet har ei like god strategisk plassering med omsyn til om jomsvikingane skulle velje leia sør om eller nord om Höð då dei skulle ta Håkon jarl. Også her er det mogleg å skjule ein stor hær heilt til fienden er nær. Vågen ved enden av Höð er også langt breiare enn Liavågen slik at slaget kunne ha stått på sjølve vågen. Det kan også nemnast at frå den sentralt plasserte varslingsstaden Lidaveten på Berkneset har ein framifrå oversyn over store delar av søre Sunnmøre. Frå Lidaveten, som ligg over fjorden frå Eiksund, ser ein langs Rovdefjorden nesten heilt til Åram. Frå veten ville det også vere mogleg å sjå jomsvikinghæren då han passerte i ytre lei forbi Herøy og vidare mot Höð. Synsfeltet nordover Vartdalsfjorden går frå Eiksund, der Øggarden er nørdste garden, forbi det hamrute fjellpartiet til Alme. Elles vil ein vete som brenn på denne fjelltoppen også kunne sjåast i heile Ørstafjorden og i ytste delen av Voldsfjorden. Men også frå lågare plasserte utgangspunkt slik som til dømes frå Eika, vil ein ha oversyn over heile Vartdalsfjorden og store delar av Rovdefjorden, og såleis ha god kontroll over kva tid jomsvikingane ville nå fram.

Ved å samle floten i Havågsområdet ville ein dessutan kunne drage skipa sine gjennom Dragsundet – om ein endå ikkje var budd på strid eller som ein rømingsveg i fall ein måtte gje tapt for overmakta. Andre rømingsvegar ville vere gjennom sundet mellom Hareidlandet og garden Sunde på Eika, Måløystraumen mellom Måløya og gardane Jøsok og Kleppe på Gurskøya, eller Nøre Måløystraumen mellom Måløya og Eika. Jomsvikingen Sigvalde jarl nytta seg av ein av desse vegane ut då han rømde med restane av jomsvikingfloten.

KAN ARKELOGANE HJELPE?

Eika/Eiksund er namn som vi ikkje finn i sogene om jomsvikingane. Men sogene gir likevel andre opplysningar som kan støtte opp om ei plassering ved Eiksund. På Sunnmøre finn vi nokre gardsnamn som har vore knytt til tresorten eik. I tillegg til Eika og Eiksund har vi Eikrem (både i Syvde, Volda og Sula) og Eikrol (i Skodje). Eikenosa (nær Flisvågen) har også vore tolka til å kome av eik.

Grunnlaget for desse namna er at tresorten var heller sjeldan på Sunnmøre. Vi er i grenselandet for utbreiinga. Dermed kan vi lokalisere tresorten til varmekjære voksestader.

Rett før slaget tok til, var den islandske skalden Torleiv Skuma av stad og henta seg ei klubbe frå ei trerot i skogen.

På spørsmål frå Eirik jarl om kva han ville med denne kølla, kvad Torleiv mellom anna:

For danane skal eikeklubba verte ofseleg farleg, dersom eg lever.

Ut frå denne opplysninga om tresorten vil det såleis vere meir naturleg å knyte slagstaden til Eiksundområdet framfor Liavågen og Aspevågen.

Skaldestrofene i dei ulike sogene om jomsvikingane blir sett på å vere av dei eldste kjeldene. Desse strofene gir som oftast få geografiske haldepunkt. Men ein kan ut frå desse skaldesitata slå fast at ved slagstaden voks det eik og at der var straumfulle sund.

Men kan ein i tillegg til dei skriftlege kjeldene også kunne stadfeste kampstaden med hjelp av funn frå slaget?

Etter tusen år på havbotnen må ein rekne med at det meste som har hamna i sjøen under slaget, bortsett frå barlaststeinar og kampsteinar, er borte.

Det har tidlegare vore leitt på botnen av Liavågen for å finne moglege leivningar etter slaget. Denne leitinga gav ikkje resultat, men her kan slam på botnen vere grunnen til at ein ikkje fann noko.

Kanskje kan botnforholda mellom Eika og Hareidlandet vere meir laglege til å kunne avdekkje moglege funn. Og kanskje kan segna om den store skatten på Eika knytast til gullkistene til Bue Digre?

Av Johan Ottesen

PS.

Eit problem i samband med presentasjon av teoriar om slagstaden er at det blir skapt nye munnlege tradisjonar som støttar opp om teorien, slik som det skjedde då Hjørungavåg vart omsett med Jøringfjord. Derimot kan ein munnleg tradisjon, som har vore dokumentert før ein presenterer ein teori om kvar slaget stod, vere langt meir interessant. Etter at min teori om Eiksundområdet vart lagd fram, har eg vorte merksam på at bygdeboka for Herøy viser til ein tradisjon om at Håkon Jarl natta før slaget skulle ha overnatta på Øggarden i Eiksund.

DS.

Dette er ein versjon pr. 16.06.2006. Den opphavlege og mest kortfatta versjonen vart presentert i 1986, som ein reaksjon på gullgravinga på Bjørke. Ei langt meir utfyllande og vidarearbeidd utgåve vart presentert i "Vestlandsnytt" 28.03.2003.

  Navigasjon Navigasjon - Fotokatalog Navigasjon - Historisk Flytur Navigasjon - Bøker
Johan Ottesen historisk fotoarkiv og forlag
post@flyfotoarkivet.no, Telefon: 70 01 03 13, Mobil: 905 03 959, 6065 Ulsteinvik